Sport | 27. sep. 2017

MidtsidenCup utvidar med Mini MidtsidenCup

Datoen for årets MidtsidenCup er klar, i år med eigen klasse for yngre spelarar frå 12-15 år.

MidtsidenCup utvidar med Mini MidtsidenCup
Frå MidtsidenCup 2016. Årets dato er 11. november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. sep. 2017 07:52

Gatecup for vaksne på Kuventræ, 7-arfotball for aktive og amatørar, herrar, damer og mix.

I fjor gjekk MidtsidenCup over til å ha heile arrangementet på éin dag, i staden for innleiande rundar onsdag og torsdag.

– Med Os Idrettspark, der kunstgras erstatta den gamle grasbanen, var vi oppe i tre 11-arbanar og kapasiteten var god nok.

• Sjå bildeserie og video frå MidtsidenCup 2016

– Tidlegare år har enkelte slite med å ha nok spelarar til sluttspelet, folk har gjerne ikkje hatt tid til to cupdagar på éi veke, eller dei har blitt skadd. Samtidig har det alltid vore så god stemning her på laurdagen at vi ville lata alle få oppleva dette, seier arrangementsansvarleg, Stian Kvåle frå Os Fotball.

Også årets MidtsidenCup blir spelt ferdig på éin dag. Datoen er laurdag 11. november.

– I fjor gjekk cupen helga før, samtidig som ei stor gruppe frå Os Oldboys var på Smalahovecup på Voss. I år kan dette mannskapet, som vanleg, spreia seg på fleire lag og vi får kanskje ein noko større cup i år.

• Følg MidtsidenCup på Facebook

Håper på over 30 vaksen-lag

I 2016 var det 30 påmeldte lag, men to som måtte trekka seg, og cupen endte på 28.

Sjølv om det i fjor låg snø på banane då cupen starta, kvir ikkje Kvåle seg for å halda cupen ei helg nærmare vinteren.

– Det var berre eit par kampar i fjor så var snøen vekke. Snø kan det koma kor tid som helst, stort sett har vi hatt ganske fint haustvêr på sluttspeldagen.

– Det er dessutan viktig for oss å legga til rette for at flest mogleg har sjanse til å delta, altså at serien er ferdigspelt nedover i divisjonane og at Smalahove Cup er unnagjort.

Show og fest

Kvåle gler seg over at fleire lag gjer seg flid med draktene dei stiller i, nokre er nærmast for kostyme å rekna.

– I år blir det premie til laget som er «best in show», lover han.

Det er òg plan om å få til ein bankett etter at finalane er spelte. Os Fotball kjem tilbake med detaljar.

Årets tittelforsvararar:
Dameklassen: NO NAME, NO SHAME
Mixklassen: HOOLIGANS FC
Herrar amatør: SUNDAY LEAGUE FOOTBALL
Herrar elite: T ULLRICH

Kven spelte på vinnarlaga? Sjå lagbildekavalkade og spelarliste

Nytt i år: MidtsidenCup Mini

MidtsidenCup er gatecup for vaksne, med aldersgrense 16 år. I fjor blei nedste kunstgrasbane ståande ledig, her vil Os Fotball legga til rette for at også dei frå 15 og ned til 12 år kan spela.

– Vi deler dei inn i to klassar, dei som er fødde i 2002 og 2003 er i éin klasse, mens 2004 og 2005 er i éin. Det blir ingen reine jenteklassar dette første året, men cupen er naturlegvis open for både gutar og jenter.

– Her kan kamerat- og venninnegjengar samla seg og spela 5-arfotball. Men vêr rask, vi tar berre inn 8 lag per klasse.

Prisen for dei yngste er 1000 kroner per lag (dei vaksne betalar 2500 per lag).

Justerer litt på reglane

Årets reglar er heilt like som i fjor, med to unntak:

– I dameklassen kan du framleis ha med så mange aktive du vil, men du startar kampen med 1 mål imot per spelar over 2 aktive. I fjor kunne du ha med 3 aktive «gratis», men laga blei i overkant proffe.

– Vi håper med dette å få med endå fleire amatørar, samtidig som dei kan styrka stallen aktive utan å få svi altfor hardt.

I herrar og mix ELITE tel du ikkje som akiv om du speler i 5. divisjon. I fjor var denne grensa 4. divisjon.

Aldersgrense: 16 år (fødd i 2001)
Fem klassar: Herre amatør, herre elite, mix amatør, mix elite og dame
Pris: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)
Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til kjetil@midtsiden.no
Frist: Send spelarliste og betaling innan tysdag 31. oktober. Betaling går til Os Fotball konto 3624.59.87204 (merk med namn på lag).

KLASSAR OG REGLAR

HERRAR AMATØR
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i 2017 tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
• OBS! Mixlag må ha minst to damer på banen til ei kvar tid
* regelen er justert etter påmeldingsfrist gjekk ut, men opprinneleg tekt om 2 kampar eller meir er tatt inn igjen i formuleringa.

HERRAR ELITE
• Alle som har hatt speletid i 4. divisjon eller opp er aktiv.
• Junior/gut/jente- og veteranklassen (oldboys) tel IKKJE som aktiv. Frå 5. divisjon og ned tel heller ikkje som aktiv.
• Du kan ha med så mange aktive du vil, MEN;
• Har du med meir enn 3 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 2 mål imot (1 mål per aktiv over 3 spelarar).

DAMER
• Du kan ha med så mange aktive du vil, men har du med fleire enn 3 får du 1 mål imot per spelar over 3 (har du fem aktive startar kampen 0-2)
• Alle som har vore på banen i to eller fleire seriekampar i år, uansett nivå, tel som aktiv.

MIX
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM) i 2017 tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
• Laget må til ei kvar tid ha minst to damer på banen.

ØVRIGE REGLAR, GJELD ALLE KLASSAR:
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

• Midtsiden samleside, bilder og videoar frå år til år: MidtsidenCup

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.