Kultur | 06. juni 2019

Mildare reglar i hamna under Tysnesfest

Har ført til rekordmange bestillingar av båtplassar.

Mildare reglar i hamna under Tysnesfest
Båttrafikken var stor til Tysnesfest også i fjor, sjølv om hamna for første gong på fleire år ikkje blei heilt fullbooka. (Foto: KVB/skjermskot Snapchat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. juni 2019 21:17

I 2016 hadde Tysnesfest rekord med 492 båtar i hamna på Våge. I 2017 stramma dei inn reglane, blant anna med krav om festivalpass til alle om bord.

– Det var fleire årsaker til dette. Den utvida hamna blei vurdert som «særskilt brannobjekt», vi måtte redusera frå 500 til under 400 båtplassar og auka vakthaldet, fortel dagleg leiar Øystein Vaage.

Same år blei det publikumsrekord med 32.233 gjestar på festivalen. Men i fjor kom det 5.500 færre gjestar enn året før og festivalen gjekk 4 millionar kroner i minus.

– 2017 var ekstremt, dette er nesten 2016-nivå, og tal vi kan leva med, sa styreleiar Sigvard Madsen.

Ligg an til å bli fullbooka igjen

– Alle dei siste åra, utanom i fjor, har vi vore fullbooka i hamna. I 2017 hadde vi 370 båtar i 2018 var vi nede i 320. I år har vi 350 plassar, og dei er opne for alle, også dei utan festivalpass, fortel Vaage.

Overnattande passasjerar i båt må framleis betala hamnebillett, og etter klokka 21 om kvelden er det berre folk med billett som slepp ut på bryggene.

– Tidlegare år har dei på denne tida på året berre hatt nokre tital bestillingar, til no i år er allereie ein tredel bestilt.

– Nytt i år er òg at marknadsdagen har fri entré. Men konsertane vi har hatt inkludert i marknadsdagbillett er no flytta i telt, der du treng eigen billett for å koma inn.

Kven speler kor tid?

I helga blei dei siste artistane sleppte,, og programmet er no komplett. Dette omfattar ulike kulturopplevingar og aktivitetar frå morgon til kveld.

Tysnesfest startar onsdag 10. juli med gudsteneste i Uggdal Kyrkje, motbakkeløpet Ramnanuten Opp og Helge Jordal i Kjevikjo som framfører Terje Vigen.

Her er nokre høgdepunkt i programmet for dei neste dagane:

Torsdag
13.00 Skambankt – Unplugged på Såto!
Gjerstad arena: Novocaine, Rotlaus, LIND+NILSEN+FUENTES+HOLM, LÖV, Åge Aleksandersen & Sambandet, DDE

Fredag
13.00 Vilde og Anna – Bermudateltet
14.00 Ta Sjansen – Kaien i Våge
15.00 MUKTI – konsert ombord på MS Sunnhordland
17.00 Ferjelaus og Steik forbanna! Ausekarane – Bermudateltet
Gjerstad arena: Staut, 10cc(UK), Skambankt, AURORA, DJ Axillar, Matoma

Laurdag
11.00 Marknadsdagen opnar!
10.30-16.30 Tysnesfest UNG med blant anna vitenskapsshow, konsertar og Youtube-show med Murdrocks og Agnetesh
15.00 Døds Challenge Tysnesfest.
Gjerstad arena: Det Sjukaste Vorspielet med Staysman&Lazz, Mads Hansen og Oral Bee&Mr. Pimp Lotion, Shuffle Baby,Kriminell Kunst, Ina Wroldsen, Julie Bergan, Kjartan Lauritzen, Broiler

Festivalen blir avslutta med Marthe Wang-konsert i Onarheim kyrkje søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.