Lokal | 02. juni 2010

Miljøvennleg skyting

No er det slutt på at skyteøvingane på Ulven forureinar grunn og omgjevnadar. I går opna Søviknes det nye anlegget med eit brak.

Miljøvennleg skyting
Andris Hamreonsdag 02. juni 2010 09:23

Bildeserie:

1 av 11

Med heftig demonstrasjon og uhøgtideleg skytekonkurranse opna dei nye skytebanane på Ulven.

Mange har nok lurt på kva murar som har kome opp på sletta på Ulven i løpet av det siste året. Tysdag fekk vi svaret då Forsvarsbygg overrekte det nye skyteanlegget til Håkonsvern orlogstasjon/Ulven Leir. Dei såkalla baflane, eller sikringsveggane, om du vil, skal sikra at eventuelle vådeskot blir stoppa.

Tre-i-eitt
Anlegget består av tre skytebanar som kan brukast samstundes. Banane på 100/50 meter, 230 meter og 180 meter.

Ved hjelp av ein tunnell, baflane og kulefangarvollane skal det no vera trygt at ein driv skytetrening på alle tre banane på ein gong.

Verre enn dei trudde
- I 2004/05 fann vi tryggleiken på den gamle banen så dårleg at den blei stengt. Etter prosjektering og anna planlegging blei det i 2007 tatt omfattande prøver av grunn for å avdekka kor forurensa området var. Det var mykje verre enn vi trudde, fortalte prosjektleiar Bjarte Nesse frå Forsvarsbygg.

- Vi byrja då eit omfattande oppreinskingsarbeid der vi delte heile området opp i ruter på omlag 10 x 10 meter. Kvar rute blei sortert i reine og ureine massar. Dei ureine massane blei så pakka inn i ein vanntett membran og brukt i midten av kulefangarvollane, fortalte Nesse vidare.

Eit pilotprosjekt
- Det å gjera det på ein slik måte har aldri vore gjort før. Skulle vi ha deponert det på tradisjonelt vis ville de ha kosta 860 kroner per kubikkmeter masse. Når det er snakk om 9000 kubikkmeter kan ein forstå at det er snakk om store innsparingar ved å handtera massane lokalt.

- Eg meiner dette anlegget set miljøstandarden for framtidige anlegg forsvaret skal byggja. Samstundes visar det korleis ein kan rydda opp i gamle miljøsynder, sa prosjektleiaren.

Drenerer heile området
I samband med utbygginga er det etablert eit lukka dreneringssystem i bakken for å samla opp forureining som hamnar på bakken eller i kulefangarvollane.

Regnvatn som renn gjennom vollane blir reinsa før det slepp ut att i naturen. Ein stor del av dei 34,6 millionar kronene som er brukt på anlegget ligg i reinseanlegget.

Lokal entreprenør
I samband med opninga var administrerande direktør i Forsvarsbygg, Frode Sjursen, snar med å skryta av den jobben Drange Maskin AS har gjort som entreprenør.

Han påpeika at handtverkarar ikkje berre er tømrarar, elektrikarar og røyrleggarar, men også dei som med nennsam hand fører skuffene på gravemaskina.

Ordføraren skaut seg vekk
Ordførar Terje Søviknes fikk æra av å foreta den offisielle opninga av skytebanane. I samband med det blei han òg utfordra til å delta i ei uhøgtideleg pistolskytekonkurranse mot representantar frå forsvaret og Forsvarsbygg.

Ordføraren skaut rimeleg bra under prøveskytinga, men om det var nervar eller noko anna som slo inn når konkurransen byrja er ikkje lett å seia. Resultatet blei i alle fall ikkje så godt som han nok hadde håpa på.

Under kan du sjå video av ein skytedemo under opninga. (Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.