Næringsliv | 20. nov. 2019

«Miljøveteran» sertifisert som Miljøfyrtårn

ABO var eksemplarisk allereie for 10 år sidan. No har dei fått fyrtårnstatus.

«Miljøveteran» sertifisert som Miljøfyrtårn
Styreleiar Christine Kahrs, intern Miljøfyrtårn-leiar Anita Egge Drange, dagleg leiar Tommy I. Hansen og ordførar Terje Søviknes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. nov. 2019 12:55

Bildeserie:

Samling og tale i ABO sitt Vindu mot Fjorden. (Foto: KVB)
Samling og tale i ABO sitt Vindu mot Fjorden. (Foto: KVB)
ABO-sjef Tommy I. Hansen. (Foto: KVB)
ABO-sjef Tommy I. Hansen. (Foto: KVB)
Ordførar Søviknes. (Foto: KVB)
Ordførar Søviknes. (Foto: KVB)
Veteranane Bugge, Lyssand, Sletnes og Haaland var på plass. (Foto: KVB)
Veteranane Bugge, Lyssand, Sletnes og Haaland var på plass. (Foto: KVB)
Så var det eit lite festmåltid på ein onsdag. (Foto: KVB)
Så var det eit lite festmåltid på ein onsdag. (Foto: KVB)
Med setifikatet. (Foto: KVB)
Med setifikatet. (Foto: KVB)
1 av 6
Samling og tale i ABO sitt Vindu mot Fjorden. (Foto: KVB)
ABO-sjef Tommy I. Hansen. (Foto: KVB)
Ordførar Søviknes. (Foto: KVB)
Veteranane Bugge, Lyssand, Sletnes og Haaland var på plass. (Foto: KVB)
Så var det eit lite festmåltid på ein onsdag. (Foto: KVB)
Med setifikatet. (Foto: KVB)

ABO Plan & Arkitektur AS er sertifisert som Miljøfyrtårn. I dag fekk dei sertifikat og blomar overrekt av ordførar Terje Søviknes, som kanskje var på sitt siste oppdrag med ordførarkjede for denne gong.

– Vi har som mål at alle prosjekt skal ha ein miljøprofil, og støttar bruk av BREEAM NOR som verktøy for å nå miljøambisjonar, seier dagleg leiar Tommy Ingmar Hansen.

BREEAM er Europas leiande miljøsertifiseringsverktøy for bygningar. Fleire av ABO sine tilsette er BREEAM-sertifiserte.

– Men då vi for rundt eit år sidan fekk spørsmål frå ein kunde, kva miljøsertifisering ABO som firma har, såg vi behov for å gjera noko, fortel Anita Egge Drange.

Ho har leia Miljøfyrtårn-prosjektet i firmaet.

Meir lønsam

– Det første vi gjorde var å samla inn alle bossbøttene i kontorlandskapen. Eg fekk jo nokre undrande blikk, men vi kan ikkja ha 35 bøtter med alt frå bananskal og kulepennar ute, når vi skal kjeldesortera. Vi har dessutan godt av å bevega oss litt, vi som sit på kontor, seier Anita og ler.

Hansen synest Miljøfyrtårn-sertifiseringa allereie er eit veldig godt verktøy for å få kontroll på bedrifta si miljøpåverknad.

– Det bidrar dessutan til meir lønsam drift, fortel han.

Var eit forbilde også for ti år sidan

Selskapet har vore involvert i fleire miljøvenlege prosjekt tidlegare. I 2009 teikna dei Løvåshagen i Fyllingsdalen for Bybo AS, Noregs første passivhusprosjekt i stor skala.

• Les òg: Fekk pris for passivhus (2009)

– Husbanken pusha på, Enova og Sintef var involvert. Ingen av oss hadde dimensjonert for passivhus før, det var 30-40 cm isolasjon i veggane og 50 cm i taket, fortel ein av gründerane, Jan Haaland.

I etterkant var ABO og heldt foredrag for fleire arkitektar, blant anna i Oslo. Fleire passivhus har det òg blitt.

Tre av dei fire gründerane, Haaland, Rigmor Sletnes og Oddvar Lyssand, var på plass i «seniorkroken» i den opne kontorlandskapen under markeringa i dag.

• Les òg: Feira 30-årsdagen sin på fjorden (2016)

Betre rusta for framtida

ABO heldt på kunden som spurde etter sertifisering på nyåret i år.

– De vil nok oppleva at fleire offentlege aktørar, og større utbyggarar, har dette som krav, sa ordføraren.

Han minna samtidig om at sertifikatet må haldast ved like, det krev ei viss oppfølging. Han brukte Oseana som eksempel. Det kommunale kulturhuset har dessutan både tatt dette eit steg vidare, og fått ein av sine tilsette sertifisert som inspektør.

ABO ser ut til å ha plan om å halda seg miljøvenlege på fleire nivå.

– I 2017 deltok vi i aksjonen «sykle til jobben», og vi har intensjon om å vera med også i 2020, seier Hansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.