Lokal | 12. sep. 2018

Milliondryss over dobbelhall og vognhall

Os har aldri fått meir: Hordaland fylkeskommune delte i dag ut midlar til idrettsanlegg og lokale kulturbygg.

Dobbelhallen er ferdig og i bruk, men får no 1 million ekstra kroner å rutta med. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. sep. 2018 14:07

Bildeserie:

Vognhallen har òg fått midlar. (Foto: KVB)
Kan eit av dei ubrukte areala no bli kampsportarena? (Foto: KVB)
Vognhallen har òg fått midlar. (Foto: KVB)
Kan eit av dei ubrukte areala no bli kampsportarena? (Foto: KVB)
1 av 2
Kan eit av dei ubrukte areala no bli kampsportarena? (Foto: KVB)
Vognhallen har òg fått midlar. (Foto: KVB)

I møte i «Utval for kultur, idrett og regional utvikling», KIRU, i Hordaland fylkeskommune i dag, blei det delt ut nesten fem millionar kroner.

1,5 av desse millionane gjekk til to bygg i Os.

– Vi var eit samla, tverrpolitisk utval som tildelte pengane, men det var kjekt å sitja som høyrepolitiker og osing å sjå kva gode tiltak i heimbygda som fekk midlar, seier einaste frå Os i utvalet, Olav Kvinge.

Kampsport kan ha vore avgjerande

Det blei i dag delt ut spelemidlar til lokale kulturbygg (drygt 2,9 millionar kroner) og investeringsmidlar til idrettsanlegg «med regional og nasjonal verdi» (i alt 2 millionar kroner).

– Søknadsfristen til investeringsmidlar gjekk ut i mai. Vi søkte om støtte til dobbelhallen, og fekk blant anna Norges Kampsportforbund til å slutta seg til søknaden med ein uttale. Dei skreiv blant anna om hallen sin nasjonale verdi, for eksempel som potensiell NM-arena, seier idrettskonsulent Tom Leonsen i Os kommune.

Både Os Karateklubb og Os Taekwon-do Klubb er nye brukarar av den nye dobbelhallen.

Os kommune søkte om 1,5 millionar kroner, og fekk 1 av dei 2 millionane som skulle delast ut.

– Dette er ikkje pengar vi hadde budsjettert med, dette er «friske» kroner frå ei for vår del veldig hyggeleg tildeling.

– Kampsportane bruker ein del matter og utstyr som kan vera upraktisk å ta inn og ut av ein hall, kan det bli aktuelt å bruka nokre av midlane til å rigga ubrukt areal til fast treningsrom, eller «dojo», for dei to kampsportklubbane?

– Eg vil ikkje ta saksbehandling over telefon, bruk av desse pengane skal vi diskutera internt først. Men det er ikkje uaktuelt å vurdera å bruka midlar på dette, noko som i så fall vil frigjera plass til andre nede i hovudhallen.

Ein halv million til Vognhallen

Det blei òg fordelt spelemidlar til lokale kulturbygg. Det blei delt ut til saman rett over 2,9 millionar kroner.

Her var det søkt til 17 bygg i 8 ulike kommunar, 7 av dei fekk støtte.

To fekk 250.000 kroner, fem fekk 500.000 kroner. Frå Os kommune var det søkt om støtte til Nesjarheim (Søre Neset ungdomslag) og Vognhallen (Os Kulturutvikling).

Vognhallen var einaste frå Os som fekk pengar, der landa det 500.000 kroner.

– I fjor var det jubel i Os Kulturutvikling, då vi fekk 200.000 kroner av desse, i år fekk vi meir enn det doble. Dette blir godt mottatt! seier Lisbeth Axelsen.

Ho gler seg både som kultursjef og, ikkje minst, som styremedlem i Os Kulturutvikling.

Tidlegare tildelingar frå fylket

I sommar blei det fordelt spelemidlar til idrettsanlegg.

Sånn slo dette ut for Os sin del (gjennomførte tiltak):
Kuventræ idrettsanlegg, kunstgras: 2.500.000 kroner
Kuventræ idrettsanlegg, friidrett med kastefelt: 2.000.000 kroner
Kuventræ idrettsanlegg, rehabilitering av kunstgras: 561.000 kroner
Os Skyttarlag, finfeltbane 1-3: 248.000 kroner
Os Skyttarlag, finfeltbane 4-5: 144.000 kroner
Os Skyttarlag, bane for stang- og feltskyting: 144.000 kroner

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.