Mindre bråk, men ...
Svara på Utdanningdirektoratet si undersøking Elevundersøkelsen 2012 har blitt analysert. Her er nokre av dei sentrale funna i analysen.
Lærarane bruker mindre tid på å få ro i klassen, og elevane uroar i mindre grad andre elevar når dei arbeider.
Talet på elevar som opplever mobbing og diskriminering er uendra samanlikna med tidlegare år.
Dette viser ei analyse av Elevundersøkelsen 2012, ei riksdekkande undersøking som nærmare 400.000 elevar har deltatt i.
-Vi er glade for å sjå den positive tendensen til at det blir mindre bråk og uro, men vi er ikkje fornøyd med at mobbetala framleis er uendra, sier Anne Berit Kavli, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, i ei pressemelding.
Bråk og uro
Færre elevar svarer at lærarane må bruka mykje tid på å få ro i klassen. Denne positive tendensen held fram frå i fjor, når vi ser på perioden 2007-2012.
I same periode går delen elevar som oppgjer at dei forstyrrer andre elevar medan dei arbeidar ned.
Avtar med alderen
• 6,8 prosent av elevane opplever å bli mobba to til tre gongar i månaden eller oftare. Det er uendra samanlikna med tidlegare år.
• 2,8 prosent av elevane svarte at dei mobba andre to til tre gonger i månaden eller oftare.
Mobbinga avtar med alderen, og gutar svarte oftare enn jenter både at dei blir mobba og at dei mobbar.
Elevar som blir mobba opplev mest mobbing frå medelevar i klassen, deretter frå andre elevar på skulen.
Digital mobbing
I år er det første gongen elevane har blitt spurt om digital mobbing.
Analysen viser at det er færre elevar som er involvert i digital mobbing sett i forhold til «tradisjonell» mobbing.
Gutar oppgjer oftare enn jenter at dei er digitalt mobba, og mengda av digital mobbing aukar opp til 10. trinn.
På vidaregåande går delen ned igjen.
Diskriminering
Elevane på ungdomssteget og i videregåande opplæring er spurt om dei er blitt utsett for urettvis behandling eller diskriminering på fem ulike område: kjønn, funksjonshemming, nasjonalitet, religion eller livssyn, og seksuell orientering.
7,2 prosent av elevane oppgjer at dei har blitt diskriminert på minst eit av desse områda, to til tre gonger i månaden eller oftare.
380 000 elevar har svart
I Elevundersøkelsen får elevane sjansen til å seia si meining om læring og trivsel på skolen.
Samtidig får skulen viktig informasjon som kan vera med på å skapa eit betre læringsmiljø.
380.000 elevar har svart på Elevundersøkelsen 2012.