Mindreårig fekk fartsbot på 8.500 kroner
Tatt i snittmåling tidleg på morgonkvisten.

Klokka 05.50 natt til laurdag gjennomførte politiet ein fartskontroll på Hegglandsdalsvegen.
– Ein lett motorsykkel blei målt til 74 km/t i 50-sona, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.
Dette var 2 km/t unna førarkortbeslag, og konsekvensen blei eit forelegg på 8.500 kroner og tre prikkar på førarkortet (dobling av prikkar i prøvetid gjeld klasse B, bil, ikkje lett mc).
– MC-førar er mindreårig, og det er opp til foreldra å ta stilling til om forelegget.
Fredag kveld i 20-tida blei ein MC kontrollert i Os sentrum. MC-førar fekk pålegg om utbetring av skilt, då dette ikkje hadde godkjent posisjon. No må det fiksast og MC må visast for Statens vegvesen.
Støy frå mange festar
Utan å gå nærmare inn på krins og nabolag, fortel Bjørnafjorden lensmannskontor om mange klager på støy frå fest.
– Vi fekk inn mange klagar på feststøy.
– Det var tilsvarande andre stadar i distriktet, og i vårt område både i sentrum og i utkantane.
Sjekka tilhengarar i Industrivegen
Laurdag morgon hadde politiet promillekontroll i Os sentrum. Alle dei kontrollerte var edru.
På dagtid, i 13.30-tida, hadde dei kontroll av bilar med tilhengarar. Dei var det mange av mellom byggevarer og Bir i Industrivegen.
– Alle dei ni kontrollerte hadde gyldig førarkort på tilhengarane dei køyrde med. Som tips til andre som skal køyra med tilhengar; tast inn registreringsnummer på vegvesenet sin tilhengarkalkulator før du køyrer, så får du raskt svar på ein enkel måte.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.