Minneutstilling på Vedholmen
– Ein lærar eg sette stor pris på.

I morgon er det vernissasje på Vedholmen Galleri.
Opninga blir med talar av blant andre forfattar Stig Holmås og grafikar Magne Vangsnes, musikk er ved Manar Alhashemi, ein syrisk komponist og musikar utdanna på musikkhøgskule i Holms/Syria.
Dette er Vedholmen Galleri si festspillutstilling, og samtidig er minneutstilling for Dag Thorkildsen (1949-2021).
– Eg fekk oppleva Dag personleg, som min male- og teiknelærar i perioden
1992 til 1994 på Kunsthøgskolen i Bergen.
– Han var ein lærar eg sette veldig høgt, ein som var flink å sjå det vesle som måtte vera av talent hos eleven, og bygga opp akkurat dette. Det veit eg også at eg ikkje er åleine om å meina, seier gallerist Vibeke Harild.
Ho sette også pris på Thorkildsen som kunstnar.
– Eg meiner han er ein av Norges fremste innan nyare abstrakt kunst.
Vibeke monterte utstillinga saman med Dag si dotter, Hedvig Thorkildsen, tysdag 16. mai.
Laurdag 20. mai er det opning av ei utstilling med verk frå 2015 til 2021.
Utstillinga står til 25. juni.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.