Lokal | 03. jan. 2021

Minst éin dag med heimeskule

Vidaregåande skular i Vestland over på raudt nivå.

Minst éin dag med heimeskule
Os vgs. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. jan. 2021 21:49

Etter at regjeringa i dag fortalte om nye, nasjonale smitteverntiltak frå måndag 5. januar, fortalte Bjørnafjorden kommune at dei ikkje kjem med skjerpa, lokal forskrift, men at ungdomsskulane no er på raudt nivå.

Det gjeld òg vidaregåande skule.

Det betyr at alle elevane i Vestland skal ha heimeskule måndag 4. januar.

– Vi stenger ingen vidaregåande skular, men raudt nivå inneber at vi må ha større avstand enn på gult nivå. Nokre skular treng litt tid for å planlegge for dette, slik at elevane vil få beskjed frå skulen når dei skal møte fysisk, seier fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal.

– Dei vil òg få ein plan for den vidare undervisninga for dei neste to vekene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.