Til venstre, Tobias Nøss og Ole Martin Kolskogen, til høgre, Madelen Holme og Harry Moore. (Foto: privat/KVB)

Minst fire frå Os tatt ut på kretsen

Fire spelarar frå Os og Lysekloster er tatt ut til kretstreninga i vinter. Fleire kan koma.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag starta treningane til Hordaland fotballkrets og kvar veke gjennom vinteren skal dei største fotballtalenta i Hordaland trena saman, jentene om måndagen og gutane om tysdagen.

Det er spelarane fødd i 2000, 2001 og 2002 som blir samla. Os har fleire spelarar i uttak for 2002, som ikkje er heilt ferdig enno, men for dei to eldste klassane er troppane klare.

Éin frå 2000-årgangen

Blant 15-åringane i Os som har halde på plassen sin på kretsen er Harry Moore frå Lysefjorden.

Harry, som har vore innom både Os og Fyllingsdalen, kom i sommar tilbake til moderklubben Lysekloster.

Les meir om unge Moore på lysekloster.no.

Frå Os og Gneist

Madelen Holme frå Lysefjorden speler no med Gneist.

Ho er fødd i 2002, men i år som i fjor tatt ut i 2001-troppen.

Ole Martin Lekven Kolskogen frå Os Fotball har halde på plassen sin og får no med seg lagkameraten Tobias Nøss, også han fødd i 2001.

Fleire aktuelle

For 2002-årgangen, som no har sitt første uttak, skal ei stor gruppe no vera redusert til 30 gutar.

Denne skal reduserast til 20. Blant dei som kjempar om dei 20 plassane er det fleire gutar frå Os.

Minst éi jente i 2002-årgangen, utanom Madelen i 2001, er aktuell for uttak.

 

 

Fleire saker