Båt og sjøliv | 06. mars 2024

«Mission impossible» løyst av Livskvalitet

Rydda kommunen sitt komande friområde. – Vi er klare for fleire prosjekt på denne eigedomen!

«Mission impossible» løyst av Livskvalitet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mars 2024 15:12

– Då vi las saka om bosset i denne fine fjøra, bestemte vi oss for å ta ein ryddeaksjon, fortel Tor Arne Hitland frå prosjekt Livskvalitet.

Fredag har dei opning av nytt kaffibrenneri i ski- og sykkelverkstaden i Brugata.

Likevel fann dei tid til eit prosjekt utandørs i finvêret tysdag.

– Det er jo ein idyllisk plass som mange kan ha glede av allereie komande sommar, det kan ikkje sjå sånn ut år etter år, meiner han.

Med utsikt mot Lysøya og gode solforhold, kunne denne fjøra vore idyllisk. Men byggematerialar, plast og rusta metall pregar plassen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògKommunen si investering flaumer over av boss

Hitland fekk med seg to frå arbeidslaget.

Dei fekk rydda grundig.

– Det var materialar, rekve, bruskorkar og mykje plast. No er alt samla i haugar. Vi vil orientera kommunen og BOF, så dei kan koma og henta.

Bildeserie:

Sånn såg det ut då dei kom. (Foto: privat)
Sånn såg det ut då dei kom. (Foto: privat)
No er det meir strigla.
No er det meir strigla.
– Sjøen var på veg opp. Neste gong vil vi kome på fjøre sjø og rydda meir.
– Sjøen var på veg opp. Neste gong vil vi kome på fjøre sjø og rydda meir.
1 av 3
Sånn såg det ut då dei kom. (Foto: privat)
No er det meir strigla.
– Sjøen var på veg opp. Neste gong vil vi kome på fjøre sjø og rydda meir.

Sjøen var på veg opp, så det blei ikkje rydda mykje ute i sjølve fjøra. Men arbeidslaget vil ut og rydda fleire gongar.

– Neste gong skal vi sjekka tidevatnet, så vi kjem på fjøre sjø og kan rydda lengre ut.

– Elles var det greit å få rydda bakkane, så dei no får luft og graset kan gro. Det er ein veldig fin plass som kan nyttast allereie denne våren.

Fjøra ligg solrikt til med utsikt over Lysøya.
Fjøra ligg solrikt til med utsikt over Lysøya.

Fjøra er del av eigedomen kommunen kjøpte sommaren 2022, eit småbruk i Sperrevikvegen 230 (gnr 15 bnr 2), med strandlinje blant anna i og utanfor Leirvågen.

Eigedomen er på 50,2 mål med rundt 500 meter strandlinje, og blei kjøpt for 7 millionar kroner.

Hitland ser potensiale, og meiner det kan utførast mange utbetringar utan unødig venting eller høge kostnadar.

– Vi er glad i oppdrag som dette, og kan både bygga stiar, fella tre og utbetra drenering på staden så bakkane oppe ved hus og låve kan brukast til for eksempel camping.

Prosjekt Livskvalitet har erfaring med rydding og utbetring av friluftsområde, ikkje minst i vårt mest kjente, Ervikane.

Strendene innanfor sandstranda i Ervikane har blitt meir tilgjengeleg, betre drenert og får no både gapahuk og skjelsand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògBygger gapahuk, sti og nye sandstrender

– Eg har sjølv, seinast ved tilfeldige treff i fjor sommar, møtt syklande og folk i bil som ser etter stadar å setja opp telt i Lysefjorden. Då har eg vist dei til Søvikvågen, men her ved Leirvågen er det endå meir fredeleg.

– I første runde kan vi rydda litt skog og laga stiar. Om kommunen riv hus og andre bygg på tomta, kan vi betre veg, parkering og eit servicehus for camping, for eksempel.

– Dette området kan både turistar og lokalbefolking få glede av, både oss som bur her no og alle som skal kjøpa tomt i det store prosjektet på oppsida her, seier Hitland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.