Mista fleirtalet etter 20 år
Frp er største parti i Bjørnafjorden kommune, men vil ikkje kunna styra vidare med Høgre åleine.

Bildeserie:
Rundt midnatt kom resultatet frå siste valkrins, Os sentrum. Det er rundt 200 for seint innkomne stemmer som ikkje er talte. Frist for tilsendte stemmer å landa på rådhuset i Os er klokka 17.00 i dag. Etter dette skal både desse og slengjarar teljast. Ap er nærmast å mista eit mandat, Venstre og Sp er nærmast i vinna eit mandat.
• Sjå òg: Valresultat - krins for krins
Det ser likevel ut til å vera klart at Frp mister to mandat og Høgre aukar med eitt, noko som betyr at dei landar på til saman 17 (12+5) av 35 mandat i Bjørnafjorden kommunestyre, og mister fleirtalet dei har hatt i Os samanhengande sidan 1999.
Både Frp og Høgre gjorde det betre enn meiningsmålingane, og snittet for landet. Frp er med 32,1 % det største partiet i Bjørnafjorden kommune, følgd av Ap med 20,9 , Sp med 15,2 % og Høgre med 13,5 %. Men nedgangen frå 39,5 % (Os i 2015) er for stor og Frp mister 2 av 14 mandat.
Derfor er det framleis er ope kven som tar makta i Bjørnafjorden kommune frå 1. januar 2020. Om Frp og Høgre skal fortsetja å styra saman, treng dei ein tredje samarbeidspartnar.
Frp i Os sine resultat sidan 1995
1995: 18,8 %
1999: 36,6 %
2003: 45,7 %
2007: 44,8 %
2011: 37,5 %
2015: 39,5 %
2019: 32,1 % (Bjørnafjorden kommune)
Høgre
1995: 10,8 %
1999: 12,0 %
2003: 9,1 %
2007: 11,5 %
2011: 15,9 %
2015: 12,2 %
2019: 13,5 % (Bjørnafjorden kommune)
Frp i Fusa
1995:0,0 %
1999: 7,2 %
2007: 23,4 %
2011: 22,1 %
2015: 12,6 %
Høgre i Fusa
1995: 10,6 %
1999: 9,9 %
2003: 11,1 %
2007: 9,2 %
2011: 13,3 %
2015 : 15,0 %
– Er klare til å forhandla
Midtsiden var på valvake både i Os sentrum og i Strandvik, både då resultat avførehandsstemmene blei publiserte, og då siste krins kom inn.
• Video frå valvake: Dei første reaksjonane
– Det har vore så stabilt at eg reknar ikkje med noko endring for vår del når dei siste stemmene blir talte tysdag ettermiddag, sa Marie Lunde Bruarøy (H) rundt midnatt.
Sjølv er ho klar til å forhandla med fleire ulike partar.
– Er Høgre open for å samarbeida med kven som helst, også SV eller Ap?
– Eg vil ikkje nemna parti, men vi har dialog med fleire.
– Er det eit reelt scenario at du både samarbeider med Frp og blir ordførar?
– Det kan eg ikkje kommentera no.
På Ap og MDG si valvake hadde ordførarkandidatane trekt seg vekk frå eigen vake på Bar(t) og inn rundt eit bord på Peppes. Dei hadde fått besøk av Harald Lekven og Mikal Leigland, Senterpartiet sin 1. og 2. kandidat som hadde vake i Strandvik tidlegare på kvelden, og såg ut til å vera godt i gang med forhandlingar.
På Frp si valvake var det berre nokre få supportarar igjen. Søviknes sa tidlegare på natta til BT at Senterpartiet, som største parti på Fusa-sida av den nye kommunen, kunne vera ein naturleg samarbeidspartnar med Frp, som det største partiet i Os.
Om Sp tar det siste mandatet etter endeleg oppteljing kan Frp og Sp styra utan Høgre. Sp sin toppkandidat, Harald Lekven, har i fleire omgangar sagt at han ser det som underordna kven som er ordførar, men i seinare lesarinnlegg har han, truleg på vegne av ei større gruppe i partiet, sagt at han ser på samarbeid med Frp som nesten umogleg.
I dag er fleire av lokalpolitikarane i Os samla i møte i formannskapet.
Under er førebels valresultat:
BJØRNAFJORDEN KOMMUNE*
Frp 32,1 % - 12 mandat - 4173 stemmer
Ap 20,9 % - 8 mandat - 2717 stemmer
Sp 15,2 % - 5 mandat - 1982 stemmer
Høgre 13,5 % - 5 mandat - 1758 stemmer
MDG 8,9 % - 3 mandat - 1159 stemmer
KrF 3,6 % - 1 mandat - 468 stemmer
SV - 2,9 % - 1 mandat - 376 stemmer
Venstre 1,9 % - 0 mandat - 248 stemmer
Raudt 1,0 % - 0 mandat - 124 stemmer
Venstre og KrF tapte mest samanlikna med Os i 2015, Venstre mista det eine mandatet sitt, KrF gjekk ned frå 9,7 % til 3,6 % og mista 1 av 2 mandat.
MDG vaks mest, som venta, men ligg an til å auka med berre éin, frå 2 til 3 mandat.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.