Lokal | 24. nov. 2020

Mista julemessa - berga 100.000 i inntekter

– Dette betyr mykje for ungdomsarbeidet vårt.

Mista julemessa - berga 100.000 i inntekter
Trass avlyst julemesse blei det ei god inntekt til ungdomsarbeidet i Os kyrkjelyd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. nov. 2020 16:36

Mens trusopplæringa i Os kyrkjelyd har eige budsjett, er resten av arbeidet med born og unge, som korsong, idrett (Krik) og speidar, avhengig av andre inntektskjelder.

– Den årlege julemessa vår har vore den einaste inntektskjeda, men den har vore god, seier frivilligkoordinator Inger-Johanne Haugland.

I fjor fekk dei inn 177.000 kroner på julemessa. Inntektene kjem frå åresal og sal av ting som frivillige har laga, frå skjerefjøl til bakst. I tillegg til førehandssal av loddbøker.

Frå julemessa i 2019. (Foto: Os kyrkje)
Frå julemessa i 2019. (Foto: Os kyrkje)

Berga to tredeler av inntekta

I år kunne dei gløyma å halda vanleg julemesse, men sal av loddbøker kunne gjennomførast.

– Heldigvis gjekk dette nesten like bra som vanleg. Vi selte 201 loddbøker og fekk inn rett over 100.000 kroner.

Dei eldre som lager ting som kan seljast til julemessene, plar bli gjort litt stas på i etterkant. Dette måtte òg avlysast.

– Då fekk vi beskjed av dagleg leiar Linda Ekerhovd om å laga noko digitalt, fortel Inger-Johanne.

Dermed fekk den nye mediegruppa prøvd seg. Dei fekk hjelp av «Ung Produksjon» frå Sælen kirke i Fyllingsdalen, som stilte med mykje utstyr, og direktesendinga kunne byrja.

– Vi fekk ei god sending, blant anna med videoinnslag med kor frå klasse 2 b ved Kuventræ barneskule. Sendinga blei sett over 1.200 gongar før vi tok den av lufta.

Os sokn har eigen YouTube-kanal. Neste sending er andakt førstkomande torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.