Lokal | 15. mai 2012

Mista lappen i eitt år

Fyllekøyring på Osvegen gav bot, betinga fengsel og eitt år utan førarkort.

Mista lappen i eitt år
Mannen blei stoppa på E-39 ved Kalandseid (illfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 15. mai 2012 18:46

Ein morgon i oktober i fjor køyrde ein osing i midten av 30-åra på E-39 ved Kalandseidet då han blei stoppa av politiet. Utåndingsprøva som blei teken av han tre kvarter etter at han blei stoppa viste 0,38 milligram alkohol per liter luft.

Då mannen møtte i Nordhordland Tingrett i byrjinga av mai gav han ei utforbehalden tilståing. Mannen var ikkje tidlegare straffedømd.

Då domstolen skulle bestemma straffa la dei vekt på at køyringa hadde skjedd med ein passasjer i bilen og på ei strekning med stor trafikk.

I formildande retning la dei vekt på at han hadde tilstått og erstatta straffeskyld.

Påtalemynde hadde forslått at mannen skulle dømmast til 21 dagar fengsel, noko som ligg i øvre skifte av forarbeida til vegtrafikkloven.

Retten fann at dette var for strengt og dømde mannen til 18 dagar betinga fengsel, bot på 10.000 kroner og tap av førarkort i 12 månader.

Mannen må ta full førarprøve før han kan byrja å køyre bil igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.