Lokal | 05. feb. 2012
Mista lappen for sladding
Bilførar tatt for å leika seg på glatten.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. feb. 2012 09:33
Det har vore ei roleg helg for politiet i Os, men det betyr ikkje at politiet går tidleg til sengs.
Klokka 05.25 natt til søndag observerte patruljen nokre bilførarar som sladda mellom bensinpumpene på UnoX-stasjonen ved rundkjøringa mellom Byvegen og Industrivegen.
– Ein av dei blei tatt og politiet tok beslag i førarkortet, opplyser operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Ole Geir Magnussen i sin rapport frå natta.