Lokal | 18. juli 2018

Mista lappen ved Kloppamyra

Politiet målte snittfart forbi den nye Spar-butikken i går.

Mista lappen ved Kloppamyra
Mannen hadde ein snittfart på 77 km/t i 50-sona forbi nærings- og handelsområdet i Kloppamyra. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. juli 2018 08:53

Tysdag i 15-tida blei ein bilist stoppa på Ulvenvegen.

– Patruljen hadde tatt snittmåling. Denne viste ein snittfart på 77 km/t i 50-sona forbi Kloppamyra, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

76 km/t kvalifiserer til førarkortbeslag, dermed blei førar, ein mann i 30-åra, fotgjengar.

Same fart i førre veke

Onsdag for ei veke sidan blei blei eit born nesten påkøyrd i same område.

Også då var farten 77 km/t, og førar blei fotgjengar.

Det er lagt til rette for fotgjengarfelt mellom Irgenskrysset og nye Spar Nore Neset, men det er ikkje sikkert at vegvesenet vil etablera gangfelt her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.