Lokal | 20. juli 2019

Mistenker promillekøyring

Mann i 40-åra stoppa utanfor sentrum i natt.

Mistenker promillekøyring
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. juli 2019 07:18

I 03.30-tida natt til laurdag blei ein bilist stoppa å Byvegen, litt nord for Os sentrum.

– Vedkomande er mistenkt for ruspåverka køyring. Han blei tatt med til legevakt for blodprøvetaking, fortel vakthavande ved Os lensmansskontor.

Det blei òg tatt beslag i førarkortet. Bilførar er ein utanlandsk mann i 40-åra, heimehøyrande i Os.

Fann tomt telt på Bjørnen

Fredag kveld klokka 21.30 blei det funne eit tomt telt på ei fjellhylle på Bjørnen.

– Det var tydeleg at nokon berre har gått frå teltet. Det var blese skeivt og det var ein del vatn i teltet.

– Det var òg noko utstyr i teltet, men ikkje noko som kan seia oss kven som eig det.

Teltet er blått og grått. Politiet ber eigar henta det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.