Politi | 20. okt. 2015

Mistenkt brannstiftar tatt på Hatvik

Mannen som er mistenkt for innbrot og brannstifting i Eikelandsosen blei tatt på Hatvik ferjekai.

Mistenkt brannstiftar tatt på Hatvik
Os lensmannskontor bisto kollegaene på Fusa med å gripa den antatte brannstiftaren på Hatvik ferjekai (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretirsdag 20. okt. 2015 07:22

Natt til tysdag vakna ein mann i 90-åra av brannalarmen heime i husværet sitt i Eikelandsosen på Fusa. Det viste seg at han hadde hatt innbrot og at gjerningspersonen hadde forsøkt å tenna på huset.

Mannen klarte sjølv å sløkka branntillaupet.

Den uvedkommande stal òg mannen sin bil, ein sølvgrå Toyota Corolla. Politiet gjekk ut med etterlysning av bilen og ba publikum om hjelp, og det fekk dei.

– Klokka 08.18 bisto vi Fusa med å gripe den antatte gjerningsmannen på Hatvik ferjekai.

– Mannen i 50-åra, blei tatt med for utvida blodprøve og satt i arresten. Resten av etterforskinga er det Fusa lensmannskontor som handterar, fortel Audun Hadler-Olsen, politioverbetjent ved Os lensmannskontor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.