Kultur | 08. juli 2013

– Mitt beste publikum!

VIDEO: Fire år etter at heile Søfteland song "Solbriller på" kom Lars Vaular tilbake. – Eg var fersk og nervøs i 2009, men publikummet på Rock N LOL er det beste eg har opplevd, seier Lars Vaular.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. juli 2013 11:52

Bildeserie:

1 av 1

Honningbarna hadde fått dei rekordmange festivaldeltakarane på Søfteland glovarme før Lars Vaular gjekk på scenen i 21.30-tida laurdag kveld.

SJÅ VIDEO FRÅ SØFTELAND ROCK N LOL NEDST I ARTIKKELEN

Sist Vaular spelte på Søfteland var i 2009. Brørne Lindborg hadde booka rapparen frå Åsane før han kom med den store hit-en Solbriller på, men innan juli hadde låta gått sine sigersrundar på radio og Lars stilte med båte låta og eigne Vaular-briller for sal.

– Eg var ganske fersk i 2009 og litt nervøs for korleis eg ville bli mottatt, seier Vaular til Midtsiden.

– Og så tok det heilt av, nesten som i dag.

Fekk solbriller - men ikkje Vaular sine

For det tok fyr i publikum då Lars kom på scenen. Fredrik Saroea frå Datarock sto for introduksjonen, og marknadsførte i tillegg den komande Rock N LOL-festen i Oseana 21. september.

Fredrik kasta både solbriller og Datarock-jakke ut til publikum, og utnemte Rock N LOL til verdas beste festival, før han og bandkollega Tarjei Strøm, som spelte trommer for Vaular, inviterte rapparen på scenen.

På tampen av konserten var det allsong på plenen, publikum ba om Solbriller på, men fekk ei anna låt å hoppa til; Gi meg noe bass.

– Det var deilig å vera tilbake. Publikum på Søfteland er det beste eg nokosinne har spelt for, seier Lars Vaular.

Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL

VIDEO: Sjå 12 minutt av årets siste Søfteland Rock N LOL. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.