Vêret i Os | 11. sep. 2015

– Mitt første nordlysbilde

Naturfotograf Liv-Randi Lind vaks opp i Vesterålen, men det første bildet av nordlys tok ho denne veka - i Os.

Nordlys over Ulvenvatnet onsdag 9. september. (Foto: Liv-Randi Lind)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. sep. 2015 09:13

Bildeserie:

Nordlys over Ulvenvatnet 9. september. (Foto: Oddmund Lunde)
1 av 1
Nordlys over Ulvenvatnet 9. september. (Foto: Oddmund Lunde)

Tidlegare denne veka har det vore kraftig nordlys uvanleg langt sør, noko som har fått både hobbyfotografar og profesjonelle til å ta kveldane utandørs.

Tysdag fortalte vi om Terje Sandstø, som reiste tomhendt heim frå fotosafari i Troms i vinter, men som måndag kveld fanga nordlys over Lysefjorden.

Fleire av medlemmane i Os Fotoklubb har vore ute med kamera denne veka (sjå bilde og video på facebooksida deira).

Det har også naturfotograf-ekteparet Oddmund Lunde og Liv-Randi Lind.

– Det beste eg har sett i sør

Liv-Randi flytta frå Vesterålen då ho var 9 år, men har seinare besøkt familie og venar og hatt fleire turar nordover.

– Det har helst vore om sommaren, men på dei vinter-turane eg har hatt har eg sett mykje flott nordlys. Dette er likevel første gong eg fotograferer nordlys.

Ho og Oddmund hadde følgt med i avisene og på Storm sitt nordlysvarsel og hadde på førehand sett seg ut sørenden av Ulvenvatnet som ein fin plass å sitja.

– Vi var så heldige at det var blikkstille, så vi fekk spegling i vatnet akkurat som vi hadde håpa på. Dette er nok det beste nordlyset eg har sett i sør.

Oddmund fortel at resultatet på kamera ofte blir betre enn korleis det er med det blotte auge.

– Lokale forhold betyr mykje. Du bør også sitja ein plass der det er litt mørkt. For eksempel kan gatelys hindra deg i å få det med deg.

Dyrisk respons

Det var i 22.30-tida onsdag kveld at Oddmund og Liv-Randi fekk tatt dei beste nordlysbilda.

– Det som var litt rart var at kyrne brått byrja å rauta då nordlyset kom. Då det forsvann blei det stilt, då det kom tilbake blei det liv i fjøset igjen, fortel Oddmund.

Kona seier at dette er eit kjent fenomen for folk i nord.

– Eg veit ikkje kvifor, eller om dei i det heile tatt har vindauge og ser lyset inne i fjøset, men eg har høyrd ein del snakk om at dyr reagerer ein del på nordlys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.