Kultur | 08. juni 2010

«Mitt Os» avduka i dag

Sjampis, jordbær, konsert og avduking av 55 kvadratmeter store «Mitt Os»: Sjå video og bildeserie frå den flotte seremonien.

«Mitt Os» avduka i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. juni 2010 21:17

Bildeserie:

1 av 10

- Det er praktfullt. Eg blei så glad då eg såg at det er menneske på måleriet, ikkje berre landskap. Meistrar du å måla menneske så meistrar du alt, sa kunstnar Jarl Hugo Låstad etter avdukinga.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

- Eg har følgt Frode Sirevåg si førebels korte kunstnarkarriere og må verkeleg seia at han har utvikla seg noko enormt. Det er ikkje lett å skapa noko slikt på to veker, i ein sånn storleik, la han til.

Måleriet «Mitt Os», som kunstnar Frode Sirevåg har kalla det, har blitt omtalt som verdas største fritthengande måleri. 55 kvadratmeter skjergardsstemning blei i dag avduka på Oseana.

- Kunst på ein ny måte
Rundt 200 møtte fram for å få med seg avdukinga, konserten med Ole Amund Gjersvik og den fine vandringa på innsida av Oseana midtvegs i byggeprosessen.

- I Oseana vil vi skapa ei verd av inspirasjon, blant anna ved å visa kunst på ein ny måte. Å henga opp verdas største måleri, på utsida av Oseana, midt i byggeprosessen, er éin måte å gjera noko nytt på, sa ordførar Terje Søviknes i sin tale.

Romøren x 2
Søviknes samanlikna både musikar Ole Amund Gjersvik og kunstnar Frode Sirevåg med Bjørn Einar Romøren, hopparen som sneik seg utfor nye Holmenkollen før den offisielle opninga.

- I dag får vi snikopning både innan kunst og musikk, medan vi til neste år vil setja opp eit heilt opningsprogram, med ei rekke opningskonsertar og utstillingar.

Grieg likte resultatet
Per Grieg sr, som med Grieg Foundation finansierer store delar av Oseana, var saman med styret på besøk i Os. Deira møte på Solstrand i dag var også årsaka til at avdukinga blei akkurat 8. juni.

- Dette var eit nydeleg måleri. Eg trur eg kan sjå kva Sirevåg har sett i desse jentene, det nysgjerrige blikket som sikkert kjem til å likna det blikket ungdomen i Os kjem til å ha første gong dei kjem inn i Oseana, seier Grieg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.