Sport | 08. jan. 2015

Mjelva i ny trenarjobb

Tidlegare assistent- og juniortrenar for Os, Bjørn Mjelva, er i gang i nabokommunen.

Mjelva i ny trenarjobb
Bjørn Mjelva i eit av fleire engasjerte augneblink, her då Os slo mexicansk motstand i A-sluttspelet i Norway Cup i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. jan. 2015 21:24

Mjelva gjorde det godt som juniortrenar for Os før han blei flytta opp som assistent under kameraten Tore Nielsen si leiing av A-laget.

Dei to fekk ikkje fornya kontrakt hausten 2013, men etter ein sesong utan trenarengasjement er «Coach Mjelva» på graset igjen.

– Eg har hatt ein del tilbod og brukte tid på å bestemma meg. Det var med litt blanda kjensler eg takka ja til eitt av dei, eg saknar framleis Os og Kuventræ, seier Bjørn.

Statusmeldinga hans på facebook om ny trenarjobb hausta stor respons, 250 likes og over 70 lykkeønskingar av typen «dei er heldige som får deg».

Tilbake til jentene

Bjørn skal no hjelpa Frode Strømsnes med å få Fana sitt damelag opp i 1. divisjon.

– Eg har trent jenter før, i fleire år, men noko yngre. Det er noko anna enn gutar, du bør gjerne snakka til dei på ein annan måte. Men eg er no meg sjølv uansett, seier den engasjerte og karismatiske fotballtrenaren.

Tysdag hadde han si første trening med laget.

– Det var utruleg godt å vera i sving igjen etter første trenaropphald på 15 år. Eg føler meg veldig velkomen i klubben og fekk eit fint inntrykk av dei over 25 jentene og damene som var på trening.

Fana kom på 5. plass i 2. divisjon i fjor, 10 poeng bak serievinnar Haugar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.