Sport | 24. jan. 2017

Mjelva sportssjef i Toppserien

Osingen Bjørn Mjelva blei presentert for Arna-Bjørnar-spelarane i går.

Mjelva sportssjef i Toppserien
Styreleiar i Arna-Bjørnar Kvinner, Siv Lekven, saman med nyengasjert sportsleg leiar, Bjørn Mjelva. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. jan. 2017 09:03

Tidlegare junior- og A-lagstrenar i Os, Bjørn Mjelva, er ny sportssjef i Arna-Bjørnar Kvinner.

I går møtte han spelarane, i dag blei det offentleggjort på arna-bjornar.no.

–Eg hadde tilbod frå nokre herrelag tidlegare i vinter, no er eg glad eg takka nei. Å koma inn i ein stor klubb, eit velsmurd maskineri, med hovudansvar for eit Toppserie-lag, ser eg på som ei spennande utfordring, seier Mjelva til Midtsiden.

Blei ledig etter opprykk

Mjelva har dei siste to åra vore hovudtrenar for damelaget til Fana, der det blei nedrykk i 2015 og opprykk til 2. divisjon igjen i 2016.

– Vi hadde mål om å gå gjennom sesongen utan tap. Det blei dessverre eitt tp i fjor, men vi sikra opprykket med fire poeng til 2. plassen. Høgdepunktet blei å snu 3-0 og 4-1 til 4-7 på 20 minutt borte mot Gneist i 15. runde. Dette var òg ein kamp med begge jentene frå Os på banen, og på skåringslista, fortel Bjørn og Guro Drange Veglo og Andrine Døsen.

Fana sto med 74-21 i målforskjell etter endt serie med 22 rundar.

– Kontrakten min gjekk ut og vi blei ikkje einige om ny, dermed blei eg ledig.

– Du trivst med kvinnefotball? Kva er den største forskjellen frå herrane?

– Mi erfaring er at jenter og kvinner tar veldig godt imot instruksjon, og dei er veldig lojale mot planar og avtalar. Eg har hatt to veldig fine år med damelaget til Fana, og sjølv om eg no skal observera meir enn å instruera, gler eg meg til å halda fram med kvinnefotball.

Imponert over nivået

I går var den påtroppande sportssjefen og såg trening med Arna-Bjørnar i Vestlandshallen.

– Eg er mildt sagt imponert over nivået! Dette er det Toppserie-laget med lågast alderssnitt i Noreg, og det er basert på i hovudsak eigenproduserte spelarar. Det er òg tett mellom landslagsspelarane i stallen, seier Bjørn.

Han ser no fram til å jobba tett med hovudtrenar Morten Røssland. Ei av dei første oppgåvene blir å signera eit par forsterkingar for sesongen, ein prosess Røssland allereie er i gang med.

I Takle Eide sine fotspor

Osingen Åsne Takle Eide, som før 2016-sesongen gjekk til Sandviken, var med på å ta tre bronsemedaljar i tillegg til NM-gull med juniorlaget til Arna-Bjørnar.

– Har du tru på at fleire jenter frå Os kan bli klare for Toppserien i åra som kjem?

– Ja, du skal berre sjå på det. Om ein sesong eller to kan det godt henda at eit par Os-jenter er på veg i denne retningen, seier Mjelva, klar for vinterens spelarjakt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.