Lokal | 25. nov. 2012

Mjelva til A-laget

Påtroppande A-lagstrenar Tore Nielsen fekk assistenttrenaren han ønskte seg. Trenarkabalen for juniorlaget til Os er også lagt.

Mjelva til A-laget
Tore Nielsen (t.v.) får med seg Bjørn Mjelva til å trena A-laget til Os. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. nov. 2012 09:15

Tidlegare i november blei det klart at Tim Henrik Sperrevik gjev seg etter eitt år som hovudtrenar for Os, og at assistenttrenar Tore Nielsen overtar jobben.

Nielsen får med seg resten av støtteapparatet, Ove Kanestrøm, Anders Øvredal, Terje Kvittingen og keepertrenar Ketil Elvenes.

– Elvenes kjem til å få ei litt utvida rolle. Han har mykje å koma med og har fartstid som hovudtrenar for fleire andre seniorlag, seier Nielsen.

No har han også fått seg assistenttrenar, gutetrenar Bjørn Mjelva blir med Nielsen for å leia A-laget.

– Det første eg gjorde etter eg takka ja til å bli hovudtrenar var å spørra Bjørn om han ville bli med meg å leia A-laget.

– Eg kjenner Bjørn godt frå før og han er fantastisk både som person og som trenar, synes Nielsen.

Men Mjelva brukte tid på å seia ja, først fredag kveld fekk Tore det endelege svaret.

Ville legga juniorkabalen først

– Eg ville ha trenarteamet til gutane eg trener, som no blir juniorar, på plass først, fortel Bjørn.

Gutelaget har hatt ein svært god sesong med blant anna sølv i KM og sølv i Lagunen Fotballfest.

– Og no er det avgjort at eg får med alle som i år har vore med i teamet rundt gutelaga Os 1 og Os 2 til å ta juniorgruppa. Eg skal sjølv ha hovudansvaret, men dei andre tar mesteparten av gjennomføringa, sidan eg blir assistent på A-laget.

Dei to søftelendingane Nielsen og Mjelva skal laga treningsplan for både A-laget og Os 2, som trener saman, og for juniorlaget, medan Rune Balland, Gunnar Aadnevik og Oddvar Kopperud leier juniorlaget i trening og kamp.

– Eg får meg éi fast trening med juniorane i veka, så eg får følgja dei litt på feltet òg. No får vi tette band mellom juniorane og 3. og 4. divisjon i ein klubb eg meiner er i ein heilt unik situasjon når det kjem til utvikling av spelarar i eigen stall.

– Det som er ekstra gledeleg er å sjå kor godt dei litt eldre spelarane tar imot og inspirerer dei unge som kjem opp på seniornivå, avsluttar Mjelva.

Mjelva tok trenar 2-utdanning før han for 2,5 år sidan overtok gutelaget til Os. Frå før har han blant anna trent A-laget til Søfteland og fleire aldersbestemte lag på STIL og KIL/STIL.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.