Lokal | 27. mai 2019

Mobil, narkotika og fart

Feil bruk av mobiltelefon i Mobergsbakken, mann teken med narkotika nord for Os sentrum og høg fart på Skeisflaten.

Mobil, narkotika og fart
Feil bruk av mobiltelefon i bil, narkotika og høg fart er sakene politiet har hatt det siste døgeret. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 27. mai 2019 08:17

Like før klokka 9 søndag morgon vart ein bil stoppa av politiet i Mobergsbakken.

Bilen fatta politiets interesse grunna bilføraren sin bruk av mobiltelefon mens han køyrde.

Eit forenkla førelegg på 1700 kroner og to prikkar i sertifikatet vart utdelt, og vedteke på staden.

I 11.30-tida vart ein mann i 20-åra pågripen av politiet nord for Os sentrum.

På mannen fann politiet GHB, GBL og marihuana.

Politioverbetjent Anne Lyssand ved Os Lensmannskontor seier at mannen er ein «kjenning» av politiet, og at det er oppretta sak.

Under ein trafikkkontroll på Skeisflaten i 12-tida søndag vart ein bilførar målt til ein snittfart på 65 kilometer i timen.

Fartsgrensa på staden er 50 kilometer i timen.

Lyssand fortel at det vart skrive ut eit førelegg på 3800 kroner og to prikkar i sertifikatet til bilføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.