Lokal | 12. sep. 2018

Moglegstudie av nytt parkeringshus

Nye skisser viser korleis fasaden kan bli mindre prangande.

Moglegstudie av nytt parkeringshus
Teikningane treng ikkje fortelja korleis parkeringshuset skal bli, men illustrerer tankane til arkitektane. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. sep. 2018 08:30

Bildeserie:

Prosjektsjef Halvor Hanevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Prosjektsjef Halvor Hanevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei fire etasjane, inkludert kjellar og tak. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Dei fire etasjane, inkludert kjellar og tak. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Horisontale linjer kan dempa volumet. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Horisontale linjer kan dempa volumet. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Parkering på taket. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Parkering på taket. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Men kanskje òg ei sitjegruppe eller ein leikeplass med fin utsikt. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Men kanskje òg ei sitjegruppe eller ein leikeplass med fin utsikt. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
P-huset sett frå Øyro. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
P-huset sett frå Øyro. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
1 av 6
Prosjektsjef Halvor Hanevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei fire etasjane, inkludert kjellar og tak. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Horisontale linjer kan dempa volumet. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Parkering på taket. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
Men kanskje òg ei sitjegruppe eller ein leikeplass med fin utsikt. (Ill.: 3RW arkitekter AS)
P-huset sett frå Øyro. (Ill.: 3RW arkitekter AS)

Reguleringa av nytt parkeringshus på Circle K-tomta i Os sentrum går for fullt. Huset skal ha fire etasjar inkludert kjellar og tak, med næringsareal på gateplan og i alt 200 parkeringsplassar.

Det var først tenkt 220 plassar, men dette ville utløyst krav om endring av rundkøyringa, eit fordyrande tiltak som kommunen har slått frå seg.

– Om alt går på skjener i haust får vi reguleringsplanen opp til godkjenning i kommunestyret 18. desember. Blir det godkjent vil vi ha klart anbodsgrunnlaget på nyåret, seier prosjektsjef i Os kommune, Halvor Hanevik.

Prosjektavdelinga i Os kommune har med seg Sweco og Link Arkitektur i reguleringsarbeidet. Parallelt har 3RW arkitekter AS gjennomført ein moglegstudie. I går presenterte Hanevik denne for Os formannskap.

Horisontale linjer

Skissene over treng ikkje å likna det komande parkeringshuset, men illustrerer korleis 3RW tenkjer når dei prøver å integrera det komande parkeringshuset i dagens og framtidas Os.

«Volumet får en horisontal inndeling der de ulike etasjer gis ulike uttrykk og materialitet. Dette gjør at volumet virker mindre prangende» skriv arkitektane i studien.

– Horisontale band er allereie ein del av Os sin bystruktur, skriv arkitektane, og viser til Vognhallen, rådhuset og baldakinene i sentrum som eksempel.

«Bygolvet», altså det nye steindekket i gata Øyro, blir i studien trekt heilt til parkeringshuset i eitt samanhengande dekke.

Grøne element og god utsikt for alle

Vidare i studien opnar 3RW for fleire grøne flekkar, blant anna klatreplanter, «for å gjøre opplevelsen større og gi merverdi til P-huset».

– Det er forsøkt å teikna ein varm fasade, og at bilane ikkje skal vera særleg synlege frå utsida, seier Hanevik.

I øvste etasje, altså taket, er det plass til anna enn parkering, sidan det likevel ikkje skal byggast fleire enn 200 plassar i denne omgang.

Det kan etablerast sitjeplassar eller ein liten, urban leikeplass, delar av taket fungerer som eit fint utsiktspunkt over fjorden og sentrum.

Spørsmål og kommentarar om p-hus og fjellhall

– Eg parkerte på Circle K-tomta i dag, og eg må seia at det gav ei oppleving av å parkera veldig nær sentrumskjerna, sa Ståle Skaatun (H).

I tidlegare moglegstudie for Os sentrum, og i arkitektkonkurransen i 2014, blei det sagt at det å kryssa Byvegen kanskje ville vera for lang avstand til sentrumskjerna. Skisse av parkering over Os terminal, og framfor rådhuset, blei laga.

• Sjå òg: Spenstig og vanskeleg

Parkeringshuset skal byggast sånn at driving av ein eventuell parkeringshall i fjell, ein gong i framtida, ikkje skal bli hindra.I moglegstudien blei det tatt med ferske prisar på parkering i fjell, samanlikna med tal frå 2010.

2010 (Norconsult)
200 plassar: 395.000 kroner per plass
400 plassar: 460.000 kroner per plass

2018 (Veidekke)
200 plassar: 460.000 kroner per plass
400 plassar: 395.000 kroner per plass

* kostnadsoverslaga er med 15 % uvisse.

Parkeringshuset er venta å få ein pris på 295.000 kroner per parkeringsplass.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) kommenterte at han var mest innstilt på å gå rett i fjellet med parkeringshuset, Tone Hepsøe (Ap) poengterte at vi med dette huset bygger for dagens situasjon, ikkje for framtida.

– Byrjar vi å snakka om fjellhall no, så går tida! Dagens midlertidige parkering på tomta, som består av 40-50 plassar, er full kvar dag etter at vi opna for 9 timar. Det er ein akutt situasjon, behovet er stort og vi har køyrd denne prosessen over så lang tid at vi er nøydd til å koma i gang, sa ordførar Marie Lunde Bruarøy (H).

Om anbodsprosessen kjem i gang tidleg på nyåret, og bygginga startar på midten av 2019, vil parkeringshuset stå ferdig etter 1,5 år, altså på tampen av 2020 eller tidleg i 2021.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.