Mats Cato Moldskred er klar for IK Brage og fotball på nest høgaste nivå i Sverige. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Moldskred til Superettan

Osingen Mats Cato Moldskred (26) er i ferd med å gå til IK Brage. Torsdag reiser han til den svenske småbyen Borlänge.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fotballspelaren Mats Cato Moldskred hadde eitt år igjen av kontrakten med Adeccoligaklubben Bryne då han før jul blei fristilt.

– Det første året i Bryne var ok, men fjorårssesongen starta med skade som gjorde at eg måtte stå over dei 9-10 første kampane, fortel Mats Cato.

– Resten av sesongen blei ikkje heilt som eg hadde håpa på, så då blei vi i haust einige om å avslutta kontrakten.

Mats Cato gjekk frå Fana til Os for å spela i 2. divisjon på Kuventræ i 2007. Året etter gjekk han til Løv-Ham, der han fekk 58 kampar på 2,5 sesong.

Sommaren 2010 gjekk han til Bryne, der han spelte 24 kampar  i Adeccoligaen.

Fekk fleire tilbod

Rundt 6-7 klubbar viste i haust interesse for osingen, som fyller 26 år om to veker.

– Fleire av dei var i dialog før kontrakten med Bryne var over, så eg følte ikkje at det var ein risiko å seia frå seg det siste året av kontrakten.

Mjøndalen var blant dei mest interesserte klubbane, men no er det ein svensk klubb som sikrar seg den raske spelaren frå Os.

Einig i går

Det var på ei turnering i Oslo arrangert av NISO (idrettsutøvarane sitt fagforbund), for spelarar utan kontrakt, at svenske IK Brage fatta interesse for Moldskred.

– I starten av januar var eg hos Brage på trening. Eg fekk tilbod om kontrakt før eg reiste heim.

I løpet av helga har han forhandla om enkelte punkt i kontrakten og måndag kveld blei han einig med svenskane.

– No er det berre formalitetar og signering igjen. Dette ser ut til å gå i orden så eg pakkar sekken og reiser til Borlänge førstkomande torsdag.

Nest høgaste nivå

IK Brage rykte ned frå øvste nivå i Sverige, Allsvenskan, i 1990. I 1993 hadde dei éin sesong oppe igjen, sidan har klubben spelt i både Superettan (nest høgaste nivå) og det som tilsvarar norsk 2. og 3. divisjon (svensk 3. og 4. divisjon.)

– Eg fekk eit godt inntrykk av klubben, trenarane og dei komande lagkameratane mine, seier Mats Cato.

Klubben held no på å skaffa leilegheit til spelaren frå Os.

Men han får neppe halda på draktnummeret sitt. Nummer 7, som han hadde både i Løv-Ham og Bryne, er det angrepsspelaren Johan Eklund som har.

– Akkurat det bryr eg meg ikkje om, seier Mats Cato, som frå i år speler med grøn drakt.

To timar frå Stockholm

Det skal vera stor interesse for fotball i Borlänge, ein by med drygt 40.000 innbyggarar.

– Det er visst 3000 til 5000 tilskodarar på kampane, seier Mats Cato, som får kontrakt for heile tre år.

Borlänge ligg aust for Stockholm, nær skidestinasjonen Falun.

– Det blir to timar med tog på meg for å koma til Stockholm og flyplassen, men det får heller gå. Det blir ikkje så ofte eg får tid til å reisa heim likevel, seier Mats Cato "Moldskredsson".

Eksterne lenkjer:
ikbrage.se
Om Borlänge på Wikipedia 

Fleire saker