Lokal | 01. apr. 2019

«Monstertruck» blei avskilta

To bilistar blei meldt, éin bil fekk køyreforbod og ein annan ruvande bil blei avskilta.

«Monstertruck» blei avskilta
Denne bilen var heva 15 cm utan godkjenning. I tillegg var dekka i største laget. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. apr. 2019 10:58

Søndag kveld hadde Statens vegvesen kontroll på E39 Byvegen ved Hjellemarka/Storestraumen.

Den eine bilen dei stoppa fekk køyreforbod og blei avskilta.

– Føraren kommenterte sjølv at dekka var altfor store. I tillegg var køyretøyet heva med over 6 tommar (15 cm), fortel Tom Børslid frå Statens vegvesen i sin rapport.

Ombygginga, som har skjedd etter førre kontroll for nesten to år sidan, var ikkje godkjent.

Meldt etter køyring med manglande lys

Ein annan bil som kom køyrande, etter at det var blitt mørkt, såg ut som ein motorsykkel. Årsaka var at venstre side mangla både nærlys og parkeringslys.

– Det blei ilagt køyreforbod og saka blir meldt.

Det blei og skrive ut to gebyr, eitt for manglande førarkort (har lappen, men hadde den ikkje med) og eitt for å køyra med dekk som var slite inn til corden.

Det blei òg gjeve skriftleg mangelseddel grunna manglande ABS, handbrems og diverse lys.

– Det er viktig at lysa blir sjekka med jamne mellomrom, og at parkeringslysa virker, så ikkje den eine sida blir heilt mørk om nærlyset ryker.

Med og utan bilbelte i buss

Kontroll av køyre- og kviletid førte ikkje til reaksjonar.

Vegvesenet sjekka òg bilbeltebruk i buss.

– Beltebruken i Kystbussen, der førarane aktivt informerer om bruk av setebelte, var veldig god.

– Men på rutebussane mellom Os og Bergen var beltebruken langt fra bra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.