Lokal | 18. mai 2010

Mønstrar på Kjølen

I dag startar båtsesongen for politibetjent Ørjan Hjortland. Treff han deg i feil båt utan båtførarprøven blir du 5000 kroner fattigare.

Mønstrar på Kjølen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. mai 2010 08:19

Politibetjent Ørjan Hjortland frå Os lensmannskontor skal også denne sommaren om bord i politibåten Kjølen. Der vil han hjelpa til med å halda skjergarden i Hordaland trygg gjennom høgsesongen.

- Dei nye forskriftene om båtførarbevis er blant det vi vil ha fokus på framover. Vi kjem til å ha høgt kontrollvolum og vi kjem til å reagera på lovbrot, forsikrar Hjortland.

Les òg:
Éin av fire har lov(Kven må ha båtførarbevis?)

- Det har vore så mykje informasjon og presseomtale på dette at det blir ikkje berre småprat og åtvaring, båtførarane bør ha papira i orden, elles blir det dyrt.

5000 kroner og transport til land
Politiet har ikkje det praktiske på plass med foreleggblokk til denne type synd, så eventuelle tilfelle blir meldt og straffa med forelegg frå jurist på 5000 kroner.

- Kva med den som eventuelt blir stoppa? Må han leggja båten frå seg?

- Det er ikkje like lett som å parkera ein bil, men vedkomande får ikkje kjøra vidare. Vi kjører personen til land, eller får andre til å henta førar og båt.

Andre fokusområde
Blant andre område politiet om bord i Kjølen vil halda auge med er rus, åtferd, flyteutstyr, fart, lanterneføring og minstealder.

Båtførarar under 16 år har lov til å kjøra båt med motor. Det er ingen nedre aldersgrense på dette, men båten må vera under 8 meter lang, ha mindre enn 10 hestekrefter og ha ein maksfart på under 10 knop.

- Små båtar med ned til 5-6 hk kan gå på plan med ein liten båtførar om bord, og då går den gjerne også i over 10 knop. Kjem de til å reagera på om båten går nokre få knop for fort?

- Vi bruker skjønn, men går båten tydeleg fortare enn 10 knop, som dei aller fleste med for eksempel 9,9 hk gjer, så blir det reaksjonar.

Kva kostar syndene?
• Foreldra til ein som blir tatt for å kjøra for rask båt kan venta seg forelegg på 1500 kroner.
• Manglar du flyteutstyr til alle om bord kostar det 500 kroner per person utan vest.
• Kjører du i mørket utan lanterner får du forelegg på 2000 kroner.
• Har du lanterne, men desse ikkje er slått på/ikkje er i stand, må du ut med 1500 kroner.

Sjå samleside for saker om båt- og sjøliv på Midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.