Sport | 28. apr. 2011

Monterer skatepark

Fredag klokka 12 skal den nye skateparken på Kuventræ vera klar til bruk.

Monterer skatepark
Andris Hamretorsdag 28. apr. 2011 12:48

Onsdag ettermiddag fekk Tom Leonsen telefon frå Bergen Hamnevesen om at no var skateparken som kom med båt frå USA komen til Bergen og måtte hentast.

- Då var det berre å hiva seg rundt og skaffe folk som kunne vera med på moteringa, fortel Leonsen.

Dagen før hadde han nemleg fått beskjed om at båten fann seg i Rotterdam, så Leonsen rekna med å ha god tid på å organisera dugnadsgjengen.

Saman med kollegaer frå kulturavdelinga, vaktmester frå teknisk eining og to mann frå leverandøren var han torsdag i full gang med å motera saman skateparken. Levert omtrent som eit flatpakka kjøken frå Ikea.

- Det er mange tunge delar som skal på plass, smilar Harald Berg frå leverandøren Norway Skate Parks.

5 element

Parken på Kuventræ er produsert i vedlikehaldsfritt galvanisert stål. Totalt består parken på Kuventræ av fem element - ein jumpbox, ein bankramp, ein quarterpipe, ein grindbox og ein rail.

- Alle elementa leverast med 20 års garanti, fortel Berg.

Totalramma på anlegget kjem på 312.000 inkludert dugnadarbeidet og merverdiavgifta. I tillegg til spelemidlar og kommunale midlar er anlegget finansiert med bidrag frå Lions Os og FAU ved Kuventræ skule.

- Det er mange av elevane, spesielt i 6. klasse som gler seg å få det nye anlegget på plass, fortel rektor Per Olav Sørås då han svingar innom.

Klar i morgon

Monteringa av delene vil gå føre seg utover ettermiddagen/kvelden torsdag.

- Innan klokka 12 i morgon skal den stå klar til bruk, lovar idrettskonsulent Tom Leonsen.

Det einaste elementet som ikkje kjem på plass med ein gong er railen som skal støypast ned i grunnen.

- Der må det litt meir arbeid til. Samstundes vil vi høyra med brukarane kor dei helst vil ha den plassert, avsluttar Leonsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.