Mørkt, men ikkje spennande
Solformørking i dag: Det som skulle vera noko av det mest dramatiske vi har sett blei dekka til av skyer.


- Vi kan forvente et av de vakreste og mest imponerende himmelfenomenene i Norge i moderne tid, sa astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard til Dagbladet i går.
Blandinga av soloppgang og den nest største solformørkinga sidan 1954 skulle gje eit spennande fargespel på himmelen, men sett frå Os var det berre meir mørkt enn vanleg, solformørkinga var dekka av skyer.
Sånn var det ikkje alle plassar, dagbladet.no har i dag fått inn fleire flotte bilde av solformørkinga, blant anna frå Trondheim. Dei kan du sjå her.
Sist vi hadde solformørking synleg frå Os var 1. august 2008. Då var solformørkinga 38,5 prosent klokka 11.28 om dagen. I dag var solformørkinga på opptil 85 prosent.
4 typar formørking
1. Total formørking, når sola er totalt dekka av månen.*
2. Ringforma formørking, når sola og månen er eksakt på linje sett frå jorda, men månen er for langt vekk fra jorda til å dekka heile solskjeva. Sola blir då synleg som ein ring rundt den mørke månen.
3. Hybrid formørking er ein mellomting mellom ein total og ein ringforma formørking. Sett frå enkelte stadar er den total, frå andre ringforma.
4. Delvis formørking, når sola og månen ikkje er presis på linje, slik vi hadde i dag.
* Sola ligg 400 gongar lengre vekke enn månen, og er 400 gongar større. Sett frå jorda ser dei derfor like store ut, og det er dette spennande samsvaret som gjer av vi frå jorda kan sjå totale solformørkingar.
Kjelde: Wikipedia
Neste gong det er total solformørking over Europa er i 2015.