Lokal | 11. sep. 2015

Møt Frp sin toppkandidat

#ValiOs15 • Møtet med ordførarkandidaten: Terje Søviknes (Frp).

Møt Frp sin toppkandidat
Terje Søviknes er ordførarkandidat for Fremskrittspartiet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 11. sep. 2015 12:30

Midtsiden har utfordra ordførarkandidatane i dei ni partia som stiller lister ved kommunevalet i Os på det vi meiner vil vera sentrale områder dei kommande fire åra. I ein serie artiklar vil kvar av ordførarkandidatane få presentera sitt syn på dei ulike emna.

Barnehagar

Os kommune har 17 barnehagar kor 15 av dei er ikkje-kommunale.

– Kapasiteten på barnehageområdet er no tilstrekkelig og vi har hatt full barnehagedekning heilt sidan det kravet kom. Det viser at vi tok eit riktig grep då vi selte og la ned dei minste kommunale barnehagane og i staden bygde nye Os barnehage. No har vi to relativt store kommunale barnehagar som referansar for dei private både når det gjeld økonomi og kvalitet.

– Til tross for at vi har fleire private barnehagar opplever eg eit godt samspel mellom barnehagane og kommunen når det gjeld innhald og kvalitet.

– Utfordringa knytt til kostnadane med 0-åringane kjem som følgje av regelverket vi fekk frå Staten under den raudgrøne regjeringa. Det er ikkje noko vi kan styra lokalt, men eg har store forhåpningar til den varsla endringa som regjeringa og stortinget vil koma med. Eg har tru på at vi med den vil få større styring lokalt.

– Kommunen er i vekst og vi er klare den dagen ein treng bygga ut kapasiteten ytterlegare. Det ligg prosjekt klare og vi manglar ikkje tomter eller utbyggarar. Vi er godt forspent for framtida, seier Terje Søviknes.

– Eg tykkjer at det grepet vi gjorde på Os barnhage då vi såg at uteområdet ikkje var godt nok syner at vi er ansvarlege barnehageeigarar. Vi tok grep i budsjettet og fekk rusta det opp. Vi er opptekne av at kvaliteten er god, ikkje berre av kapasiteten.

Skule

– I den siste fireårs-perioden har vi stått for ei historisk satsing på skulebygg. Det har aldri vore brukt så mykje på skule med Nore Neset ungdomsskule som eit flaggskip. Det har blitt eit fantastisk prosjekt, men vi skal heller ikkje gløyme Hegglandsdalen, Kuventræ, Os ungdomsskule og no sist, Lysekloster barneskule, som sto ferdig til skulestart.

– Personleg var det ein stor dag då vi opna Lysekloster skule. Det er min heimkrins, og sjølv om dei har hatt utfordringar med at skulen både sokk og lakk, har dei ikkje alltid kome høgt på lista fordi vi hadde andre skular med kapasitetsutfordringar som har blitt prioritert.

– No er vi ferdige med fase éin av skulebruksplanen, men vi kan ikkje legga oss nedpå. Den neste no er Lunde barneskule, kor vi allereie har kjøpt opp areal for ei utviding. Vi må relativt raskt i gang med Lunde. Vi er òg i gang med planlegginga av ei ny skule austom elva.

– Frp har fått kritikk for ikkje å ha vore nok på. Eg meiner vi har levert, og no er vi på på Lunde. På Lysekloster prøvde vi òg å sjå inn i krystallkula ved at vi bygde større enn det vi treng i dag. Det gjorde vi fordi alle prognosane seier at folketalet i Lysefjorden kjem til å veksa.

– Kanskje det viktigaste er at vi no har ein tettare dialog med skulefolket om innhold og kvalitet, mykje takka vere tenesteutvalet og Eirik André Hesthamar som har vore med å etablera “Prosjekt betre læringsresultat”.

– Eg opplever at båe parter tidlegare låg litt i skyttergraver. Det opplever eg ikkje at vi gjer på same måte lenger, men at vi i staden saman fokuserer på korleis vi kan løfta læringsmiljøet og læringsresultata innan dei økonomiske rammene vi har til rådigheit.

– Frp vil i den komande perioden innføra eit meistringsteam på barnetrinnet etter modell frå ungdomstrinnet. Det handlar om å koma inn så tidleg som mogleg.

– Eg tykkjer òg det er gledeleg å registrera at vi på kommunebarometeret har klatra til 161. plass. Vi har ikkje klatra mykje, men vi er over midten og skal klatra vidare. Situasjonen er ikkje så beksvart som enkelte hevdar. Det blir gjort mykje bra arbeid i skulane, slår Søviknes fast.

Eldreomsorga

– Eldreomsorg har alltid vore hovedprioriteten for Os Frp. Eldreomsorga er den viktigaste målinga av lokalsamfunnet. Dein seier noko om omsorga vi har for dei eldste. Det handlar om verdiane våre.

– Eg gler meg stort til utbygginga av Luranetunet. Vi har vore tydlege på framskynninga av dei planane. Det er eit viktig prosjekt, ikkje berre får vi 96 nye omsorgsplassar, men vi får eit omsorgssenter Noreg ikkje har sett makan til med ein tropisk hage under glasstak som vil gje nye gode uteareal året rundt.

– Eg er òg nøgd med at vi har auka rammene til frivilligsentralen med ei 50 % stilling som aktivitetskoordinator særleg retta mot eldre. Det finst mange ressurssterke, friske frivillige eldre som har lyst til å bidra. No har vi ressursane for å tilrettelegga for det.

– Heimebuande eldre har i dag eit dagtilbod i Gamleheimshagen som har blitt utvida betydeleg fordi vi har sett at behovet har vore der. Det skal bli enno betre når Luranetunet står ferdig.

– Os Frp vil legga tilrette for at flest mogleg kan få bu heime. Det handlar om tryggleik for både dei eldre og pårørande, men det handlar òg om at dei pårørande skal få avlastning når dei treng det. Det kan vera gjennom dagtilbodet, men også i feriar og helgar. Vi må framleis legga tilrette for korttidsplassar, men vi skal ikkje tilbake til den vonde sirkelen som var på 90-talet. Vi har vist at ei langsiktig prioritering av eldreomsorg gir resultat. På kommunebarometeret ligg vi no på 27. plass i landet.

Frivillige organisasjonar/lagsliv

– Det er fantastisk mange lag og organisasjonar som bidreg i Os. Utan dei hadde mykje stoppa opp. Eg opplever at vi, spesielt innan idretten har hatt eit god samarbeid med utbygging kor både vi frå det offentlege, private, sponsorar og idretten sjølv har bidratt.

– KUP-midlane gir ein ekstrapott på éin million til det frivillige arbeidet i bygda. Det er eit bidrag for å stimulara og gje frivilligheiten gode kår.

Utbygging/areal

– Då eg tok over i 1999 hadde vi låg folkevekst i Os. Det har endra seg mykje i løpet av dei siste 16 åra. Når vi no endeleg får E39 mellom Bergen og Os vil det gjera Os enno meir attraktiv.

– Det har vore ei dreining til større og meir gjennomarbeida utbyggingsprosjekt. Vi har blitt meir attraktive for store utbyggarar med langsiktigheit og kapital. Bjånes er den best gjennomarbeida reguleringsplanen nokon har sett.

– Det ligg ein erkjennelse i at veksten i stor grad har blitt styrt mot nokre store bolig prosjekt som få kontrollerer. Likevel har vi ikkje gitt opp den private eigedomsretten. Folk skal få lov til å skille ut ei tomt til borna om dei ønskjer. I mange tilfelle trengs det ein dispensasjon for å få det til. Det er ikkje nødvendigvis negativt å gje dispensasjon, til dømes når det ikkje ligg ein reguleringsplan i botn.

– Diskusjonen om dispensasjon tykkjer eg av og til blir litt flåsete. Ein kvar har rett til å søka og ein kvar søknad skal få individuell behandling. Nokre av dei søknadane vi har fått den siste perioda skuldast mellomanna at vi i arealplanen ikkje fekk til samsvar mellom areal på land og i sjø. Det er noko vi vil freiste å gjera noko med i rulleringa av arealplanen i den kommande perioden.

Samferdsel/trafikk/veg

– Med Ketil Solvik Olsen som samferdselsminister fekk vi endeleg E39 mellom Os og Bergen på plass. 3. september var ein milepæl og ein stor dag kor vi kom fysisk i gang med vegen. No er det ikkje lenger berre preik.

– Når det gjeld fylkesvegane har vi fått til Lepsøyvegen i år. Vi må nok vera innstilte på å måtte sloss om pengane til dei andre fylkesvegane. Det er ein knallhard kamp inn mot fylkeskommunen for både små og store vegprosjekt.

– Fergefri. FrP har vore krystallklare heile vegen. Vi meiner det er strategisk veldig gunstig å ligga på nord/syd-aksen. Spesielt for næringsutvikling og arbeidsplassar. Skulle ein ha vald indre trasé ville Arna ha vore det naturlege endepunktet, ikkje Endelausemarka. Då hadde Os havna i bakevjo.

– Like tydlege har vi vore på at skjergarden skal skjermast. Per i dag med ein tunell-løysing til Moberg. Lukkast vi med det så vil Søre Neset/Halhjem får ein kjempeløft ved å få krinsen tilbake. Eg er trygg på at ein skal finna gode miljøløysingar. Det skal vi passa på når kommunen får planprogrammet til høyring og vår høyringsuttale skal sendast inn til departementet.

Arbeidsplassar/Næringsliv

– Vi har diverre mista eindel industriveksemder i Os. Noko av det har blitt kompensert i veksten av underskogen, men det er klart at eg helst hadde sett at vi hadde hatt ein tydeleg oppgang av arbeidsplassar.

– Skal vi trekka til oss store verkesemder er vegen nøkkelen. Når den no er påbegynt mellom Os og Bergen trur eg vi vil sjå ei gradvis utvikling fram til vi opnar Lyseparken, som er den store satsinga frå kommunen.

– For å tiltrekka seg verksemder er det fire element som er avgjerande. Infrastruktur, næringsareal, nei til eigedomsskatt og at vi har ei ja-haldning og service ovenfor næringslivet. Eg registrerar at andre vil ha eigne næringsvertar i kommunen, eg meiner vi har gode tilbod gjennom BRB for gründerane. Det ligg mykje lovbegrensingar på kva vi kan bistå med. Eg meiner vi må konsentrera oss om rammevilkåra, det er dei vi kan gjera noko med.

– Lyseparken er unikt. Der startar vi heilt på scratch og er no i den fasen at vi skal velgja konsept. Kva skal Lyseparken innehelde og kva bransjer skal vi fokusera på. Fornybar energi er ei spennande bransje, kor vi kan nytta den kunnskapen som ein har frå oljebransjen til å finna nye løysingar. Til dømes ny batteriteknologi.

– Regjeringa har satt ned eit ekspertutval som skal utarbeida ein strategi i det grøne skiftet kor heilt konkrete tiltak skal lanserast. Eg kan tenkje meg at Lyseparken kan bli ein hub på vestlandet for ei grøn klynge. Timinga er heilt rett, seier Søviknes.

Kommunen sin økonomi

– Kommunen har god driftøkonomi. Den økonomiske kontrollen og styringa har vore bra. Vi har levert gode tal alle år utanom 2008 kor finanskrisa råka oss óg. Vi leverte 48 millionar kroner i overskot i fjor. Vi har låge driftskostnader og har fått effektiviseringsgevinst ut av Os i Tio-prosjektet som er ganske formidable.

– FrP har helt sidan vi tok over vore tydelege på at driftskostnadene måtte ned, men at drifta skulle vera på eit forsvarleg nivå. Samstundes har vi klart å investera i sosial infrastruktur.

– Os er ein vekstkommune og lånegjelda aukar. Då er det enno viktigare at vi har ein god driftsøkonomi, som gjer at vi klarar å betjene gjelda vår. Det er akkurat som du og eg må gjera med våre private økonomi.

– Tempoet i investeringane vil framleis vera høgt, ikkje minst nå når vi går igang med Luranetunet og OHARA. FrP vil fortsatt ha ei tydeleg styring på det økonomiske feltet. Vi har vist at vi evnar å styre og at vi har den nødvendige handlekrafta som skal til.

Os om 15 år

– Då har vi blitt 30 000 innbyggarar. Sentrum har fått eit skikkeleg løft av Liv på Øyro-prosjektet. Vi har fått løfta uteområda og fornya delar av bygningsmassen.

– Kaifronten er bygd ut og Os havn har fått eit solid feste som ei attraktiv hamn for fritidsbåtar i Bergensområdet.

– Lyseparken har tatt av og ei rekkje store nasjonale og internasjonale verksemder har etablert seg der. Mange av dei innan fornybar energi.

– E39 er opna og knytt Bergen nærare til Os, men vi har helde på identiteten vår. Sannsynlegvis har vi slått oss saman med ein eller fleire av dei andre kommunane rundt Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.