Lokal | 09. sep. 2015

Møt Høgre sin toppkandidat

#ValiOs15 • Møtet med ordførarkandidaten: Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H).

Møt Høgre sin toppkandidat
Marie Bruarøy er Høgre sin ordførarkandidat (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 09. sep. 2015 06:42

Midtsiden har utfordra ordførarkandidatane i dei ni partia som stiller lister ved kommunevalet i Os på det vi meiner vil vera sentrale områder dei kommande fire åra. I ein serie artiklar vil kvar av ordførarkandidatane få presentera sitt syn på dei ulike emna.

Barnehagar

Kvaliteten står i høgsete når Marie Bruarøy snakkar om barnehagar.

– Vi er så heldige at vi har barnehagefagleg kompetanse med oss i valkampen gjennom Kjersti Ellingsen. For oss er det å halde ein fortsatt høg kvalitet på tilbodet som blir gjeven, både i dei to kommunale og dei 15 private barnehagane. I den kommande perioden vil vi fokusera på kvalitet, innhald og pedagogtettleik, seier Bruarøy.

– Det at ungane våre får ein trygg start og gode impulsar er utruleg viktig. Det er i barnehagane grunnlaget for læring blir lagt. I tillegg må vi sikra at overgangen mellom barnehage og skule blir best mogleg.

– Når det gjeld finansieringa av dei ikkje-kommunale barnehagane så var den finansieringsordninga som kom under den raud-grøne regjeringa ein fullstendig skivebom. Vi vil jobba inn mot våre partikollegaer som sit sentralt på stortinget og i regjeringa for å få til ein annan og betre modell, som òg er forutsigbar for barnehagane. Nettopp forutsigbarheita er avgjerande for eit godt barnehagetilbod.

– I Høgre er vi opptekne av at folk skal ha valfridom. Vi er difor innstilt på å vidareføra den kommunale kontantstøtta.

Skule

– Skule er ein av hjartesakene våre i den kommande perioden. Som i barnehagane må det satsast på kvalitet. Vi er eit godt stykke på veg, gjennom prosjekt betre læringsresultat, men må vera klar over at det tar tid. Dette er ei langsiktig satsing frå Høgre si side.

– Målet for oss er å nærma seg den finske modellen, kor spesialopplæring blir brukt meir på dei lavaste trinna. Vi vil difor ha spesialpedagogar inn frå 1.klasse. Vi har allereie styrka med ekstraressursar i 1. klasse, men vi må sjå nærare til Finland og korleis dei gjer det. Dei er blitt kåra til den beste skulen i verda. Det må vi strekka oss etter, men det krev at vi som politikarar stiller opp med midler og at vi som foreldre stiller opp i heimen.

– Ein måte å styrka foreldra er å systematisk køyra det foreldreprogrammet som ligg i DUÅ (Dei utrulege åra). Høgre ønskjer å implementera dette som ein ny del av prosjekt betre læringsresultat. Det å gi foreldra tryggleik og nokre pedagogiske knaggar trur eg er avgjerande. Dei har ei avgjerande rolle i oppfostra dei kommande generasjonane. Det er ikkje skulen si oppgåve, men skulen er eit viktig verktøy for å hjelpa foreldra på vegen.

– Vi ønskjer òg å oppretta eit tverrfagleg kompetanseteam, litt etter modell frå meistringsteamet i ungdomsskulen, men meir som eit team som kan komma tidleg inn å hjelpa før elevane slit så mykje at dei treng eit meistringsteam. Kompetansen finnst allereie i skulane våre, vi må systematisera den og dra veksel av den på tvers.

Eldreomsorga

Os kommune står framfor ei storsatsing på Luranetunet.

– Det blir eit kjempeløft. Med 3 pleiarar på 10 pasientar mot dagens 2 på 8 sikrar vi meir tilstadeværelse og betre tilhøve. Vi må alltid strekka oss etter å gjera ting betre. Det trur eg dette vil bidra til, ikkje minst i høve demensomsorga og omsorga for dei med psykiske lidingar, som er eit satsingsområde for regjeringa og som er eit vaksande problem i Noreg.

– Vi vil oppretthalda tryggleikssjukepleiaren og i løpet av perioden sjå om ikkje vi òg kan få til ei styrking av tilstøtande aktiviteter, som Trygg i Os er eit døme på.

– Også i eldreomsorga er valfridommen viktig. Du som brukar skal få seie korleis du vil ha det. Så må vi som politikarar sørgje for å dei den verdige alderdommen dei fortener.

– I høve dei tilsette, så har vi eit ønskje om å tilby dei som ønskjer det alternativ turnus, slik som vi har, tildømes innan PU. Ønskjer dei tilsette det, så skal vi søka å legge tilrette for det, sjølvsagt i samarbeid og forståing med arbeidstakarorganisasjonane, seier Bruarøy.

Frivilligheiten

– Vi ønskjer meir samarbeid gjennom frivilligsentralen og utvikla den vidare. Det ligg ei kjemperessurs blant dei unge eldre som vi må ta vare på og utvikla. Det finst knapt noko noko som er meir givande enn å hjelpa andre. Det gir minst like mykje tilbake, så det å gje hjelp. Ved å stryka frivilligsentralen ytterligare trur eg vi kan nå ut til fleire. Ofte er det jo slik at berre nokon spørr deg, så blir du med.

– Det frivillige lagslivet vi har i Osbygdo er utruleg, og avgjerande av det mangfoldet av tilbod som finst i bygda med alt frå idrett til kultur. Vi har det meste.

– I kommande periode vil Høgre gå inn for å dobla det forskutteringsfondet vi har for nærmiljøanlegg. Det er dei frivillige laga som driv fram prosjekta, og det kan vi støtta med mellomanna å forskuttera spelemidla.

– KUP-midlane vil vi opprettholda. Eg tykkjer den ordninga fungerar godt. Søknadane vi får inn kvart år gjev eit godt bilete på kor mykje frivillig arbeid som blir lagt ned. Vi skal òg vera ein medspelar for festivalar og hendingar som kan vera med å setta bygda på kartet.

– Ein ishall er vi veldig skeptiske til, rett og slett fordi vi veit for lite i forhold til drift og kostnadane med det. Vi vil heller sjå det i eit lengre perspektiv og sjå kva vi kan få til i Lyseparken. Frå mange andre stader ser vi at næringslivet er viktige medspelarar i slike anlegg. I Lyseparken ser vi òg for oss moglegheiten for ein større idrettspark som kan omfatte både innandørs fotballbane, anlegg for issport og hallidrettar.

Arbeidsplassar/næringsliv

– Lyseparken, som vi allereie er inne på, har eit kjempepotensiale der fremme, men vi må ikkje gløyma Os generelt. Vi vil væra med å legga tilrette for nyetableringar gjennom det reguleringsarbeidet vi gjer i dei kommunale planane.

– Eit næringsfond, som enkelte har tatt til ordet for, har ikkje vi tankar om. Eg trur det kan bli vanskeleg å skulle fordela ut midlar frå på ein rettferdig måte. Dessuten trur eg næringslivet klarar å driva seg fram sjølv, men vi skal sjølvsagt hjelpa der vi kan.

– Gjennom BRB (Bussiness Region Bergen, red.mrk) har kommunen tilgang på kompetansen som trengs for å hjelpa nyetablerarar. Den kompetansen er det viktig at vi nyttar oss av, og vi må kanskje vera enno flinkare til å losa folk vidare dit. Samstundes sit det mykje kompetanse også på rådhuset, og vi har dyktige folk som kan svara på spørsmål om det er folk som vil etablera seg, og som treng råd i oppstarten. Vi er ei ja-kommune og skal hjelpa med det vi kan.

Utbygging/areal

Arealplanen for Os kommune skal i løpet av kort tid rullerast.

– Der må vi ha eit hovedfokus på at vi har nok offentleg areal på strategiske plassar. Vi må òg sikra nye næringsareal og ikkje minst areal ved sjø. Det er eit skrikande behov for næringsareal med kaiplass. Vi må òg sørgje for at vi koordinerar samfunnsplanlegginga på ein måte slik at bu- og næringssareal heng saman, ikkje minst at vi sikrar grøne lunger.

– Det å skulle kikka inn i glasskula og sette av rett areal på rett plass er ei utfordring. Vi har satt av mykje areal til bustader, men det er ikkje gitt at det er der veksten kjem. Ein annan ting som er frustrerande er LNF-områda, at dei heng saman. Det er noko som skurrar og som bør ryddast opp i frå sentrale mynde. Landburk bør vera eit eige område i arealsammenheng, det fortener dei. Vi skal ha eit levande landbruk i bygda. Eg ønsker meg òg at meir av kulturlandskapet hadde kome fram igjen. Idag er det for mykje som gror igjen. Dette er noko vi må sjå på saman med dei som driv landbruket, seier Bruarøy.

Samferdsel/trafikk/veg

– Mange er opptekne av trafikktryggleik, ikkje minst rundt skulane. Mykje av dette ligg til fylkeskommunen, difor er det viktig at vi har eit Høgre-styrt fylkesting som gjer at vi har påvirkningskraft. Det gjeld forsåvidt òg inn mot regjeringa.

– I høve gang- og sykkelvegar meiner eg vi har tenkt nytt. Kvifor må dei ligga langs ein bilveg? Kva er den raskaste vegen frå A til Å? Kan vi legga gang- og sykkelvegane i meir rette linjer enn det som blir gjort i dag. Eg trur det også kan være billigare å gjera det på den måten. Eg trur prosessane kan gå kjappare og eg trur folk då vil nytta sykkelen i staden for bilen, om dei slepp sykla rundt, men kjem like raskt fram, som når dei køyrer.

Kommunen sin økonomi

– Eg blir ofte spurt om kva som er min hjartesak. Ei god økonomistyring er det avgjerande for alt vi skal driva med. Vi må ha ei sunn og forsvarleg økonomistyring. Med den lånegjelda vi har må vi vera litt forsiktige, noko rådmannen og økonomisjefen er flinke til å minna oss på.

– Det er òg slik at vi er ei lavinntektskommune, det må vi forholde oss til. Då handlar det om å få mest mogleg ut av kvar krone. Vi i Høgre vil bruka kronene på kvalitetsheving i staden for å lova for mykje i kommande periode. Difor har vi presentert eit nøkternt program basert på virkeligheiten vi er i med stram økonomi.

– Samstundes skal vi vera på offensiven. Høgre er ikkje eit nei-parti. Friplassen på Søfteland er eit godt døme på det, kor eit lite tilskot frå kommunen har hjelp med å realisera prosjektet, noko som vil gje eit stort løft i forhold til rekruttering av friidrettsutøvarar i bygda.

Os om 15 år

– Då har vi eit yrande næringsliv i Lyseparken. Vi er ikkje berre ein bukommune, men òg ein attraktiv arbeidskommune. Vi har ikkje eigedomsskatt og er attraktive for nyetableringar.

– Vi har passert 30 000 innbyggarar. Vi har eit blomstrande kulturliv og idrettsliv og ei trygg og god sentrumshamn med yrande folkeliv.

– Vi har kjempegode resultat i skulen som eit resultat av prosjekt betre læringsresultat, avsluttar Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.