Sport | 07. okt. 2018

Mot nye høgdepunkt med Sverre

OL-gull, OL-bronse, VM-sølv, seks verdscupmedaljar og ny sponsor. Korleis blir neste skøytesesong?

Mot nye høgdepunkt med Sverre
Sverre Lunde Pedersen har i sommar blitt fotografert av Thomas Morel.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. okt. 2018 07:47

Bildet - eit meistermøte: Sånn blei resultatet då sponsor Kredinor engasjerte Thomas Morel til å ta bilde av Sverre Lunde Pedersen. Nederlandske Morel blir sett på som ein av verdas mest nyskapande fotografar, og har spesialisert seg på actionbile av idrettsutøvarar. Sjå òg: thomasmorelphotografy.com

I fjor starta han verdscupen med 2.plass i lagtempo og 3. plass på 5000 meter i Heerenveen, og avslutta med 1. plass på både 1500 meter og 5000 meter i Minsk.

• Midtsiden samleside: Skøyter

Kva som skjedde i mellomtida hugsar vi alle; OL-bronse, 1/1000 frå sølv, på 5000-meteren og gull i lagtempo!

– OL betydde alt, seier Sverre.

– Vi hadde mål om to medaljar, og så blei det fire, og to av dei var gull.

– Her heime var det som om Skøyte-Noreg vakna. Alle snakka om skøyter. Korleis har du opplevd det?

– Vi har merka det, og vi synest det er veldig kjekt. Eg håper det kan bety litt for framtida, både for rekrutteringa og for motivasjonen til dei yngre som trener skøyter, at vi held fram med å produsera gode skkøyteløparar i Noreg.

Det bitre fallet og den store heltestatusen

Førre sesong var ikkje berre OL. Før OL tok Sverre 4 individuelle medaljar og 2 medaljar i lagtempo i verdscupen. Etter OL venta VM allround i Amsterdam og verdscup 6 (finale) i Minsk. I Minsk gjekk det så bra som det kunne gå. Det gjorde det òg i VM. Nesten. Sverre var suveren før 10.000-meteren, og på 10.000-meteren. Fram til han ramla.

Så reiste han seg, slo Sven Kramer og sikra sølv. Han gjekk inn til applaus, ikkje berre frå dei norske, men frå heile tribunen. Etterpå blei han hylla i sosiale media.

«Kan ikke huske sist jeg har hatt så stor sympati med en idrettsutøver, og har vært så stolt! Sverre Lunde Pedersen er et forbilde for alle som driver med idrett» skreiv styreleiar i SK Brann, Gjert Moldestad.

– Når du ser tilbake på dette fallet, er det mest bittert, eller gler du deg over måten du reiste deg på, og over støtteerklæringane som kom frå inn- og utland?

– Eg kjem aldri til å gløyma at eg var så nær VM-gull. Det var heilt sjølvsagt at eg skulle reisa meg og fullføra, og eg trur eg handla i ei blanding av sjokk og panikk.

– Men det hjelpte litt på humøret med all støtta som kom i etterkant.

Oppkøyring i Italia

Ting såg bra ut etter oppkøyringa i fjor. Sesongen blei fantastisk.

– Eg føler vi har hatt ei veldig god oppkøyring i år òg, seier Sverre på telefon frå Italia.

– Vi har ny trenar og nytt opplegg. Han har lang erfaring og sit på mykje kunnskap, og eg har trur på det han held på med. Eg har òg fått nokre indikasjonar på at forma er endå betre enn til same tid i fjor.

Sverre har persa på målingar gjort på sykkel og er spent på korleis det slår ut på isen.

Sponsa fram til 2022

Før OL i Pyeongchang sto Sverre utan hovudsponsor. I mai i år lausna det endeleg også økonomisk for toppidrettsutøvaren. Noregs Skøyteforbund og Sverre Lunde Pedersen teikna ein avtale med Kredinor SA som inneber at selskapet blir hovudsponsor for Sverre fram til og med OL i Beijing i 2022.

– Dette var avgjerande, det er ein stor og god avtale. Det betyr ekstra mykje at dei tenkjer så langsiktig, seier Lunde Pedersen.

– Sverre representerer gode verdiar, seriøsitet, engasjement, mot og begeistring. Han har eigenskapar vi som firma ønskjer å bli assosiert med, han er eit godt forbilde og inspirator, seier Ingjerd Thurmer, marknadssjef i Kredinor.

Ei lokal kronerulling, «På glattisen med Sverre», samla inn 120.000 kroner i løpet av sesongen. Han har i tillegg fått Pedersen Maskin, eit firma eigd av ein slektning i Alta, med på laget. Det er no òg opna for at han sel to personlege sponsorplassar sjølv.

– Desse er på eigne klede, og er i lågare prisklasse. Det blir spennande å sjå om eg får inn nokre på eigahand og kva logoar dette blir.

Sein tur til rask is

Ved sidan av alle medaljane blei det ei historisk ny bestetid tidleg i sesongen. På rask is i Nord-Amerika starta Sverre med å skuffa i Canada, men i fjerde verdscup, som gjekk i Salt Lake City i USA helga etter, gjekk det fort.

Sverre gjekk i mål på 6.07,61, nesten tre heile sekund betre enn hans førre bestenotering frå 17. november 2013 (6.10,47). Sverre knuste òg den 8 år gamle noregsrekorden til Håvard Bøkko, som var på 6.09,94.

I år blir det ikkje tur til den raske isen i Nord-Amerika før på tampen av sesongen, i VM allround i Calgary og verdscupfinalen i Salt Lake City helga etter.

– Meisterskap og medaljar er viktigare enn tid og rekordar. Eg gler meg til å avslutta sesongen i Nord-Amerika, men no tenkjer eg først og fremst på verdscupopninga.

Årets verdscupsesong startar med to verdscuprundar i Japan.

Sverre-kalenderen, 2018-2019:
2. - 4. november: NM enkeltdistansar (Vikingskipet)
16. - 18. november: World Cup 1 (Obihiro, Japan)
23. - 25. november: World Cup 2 (Tomakomai, Japan)
7. - 9. desember: World Cup 3 (Tomazsow, Polen)
14. - 16. desember: World Cup 4 (Heerenveen, Nederland)
29. - 30. desember: NM allround (Arendal)
1. - 3. februar: World Cup 5 (Vikingskipet)
7. - 10. februar: VM enkeltdistansar (Inzell, Tyskland)
2. - 3. mars: VM allround (Calgary, Canada)
9. - 10. mars: World Cup finale (Salt Lake City, USA)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.