Lokal | 02. sep. 2015

Møt Venstre sin toppkandidat

#ValiOs15 • Møtet med ordførarkandidaten: Jon Sivert Rykkel (V).

Møt Venstre sin toppkandidat
Jon Sivert Rykkel er Venstre sin ordførarkandidat (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 02. sep. 2015 06:18

Midtsiden har utfordra ordførarkandidatane i dei ni partia som stiller lister ved kommunevalet i Os på det vi meiner vil vera sentrale områder dei komande fire åra. I ein serie artiklar vil kvar av ordførarkandidatane få presentera sitt syn på dei ulike emna.

Barnehagar

I Os kommune er det i dag 19 barnehagar, kor to er kommunalt drivne og 17 private. Det er nett no ein overkapasitet på barnehageområdet.

– Det har vore gjort nokre dårlege val tidlegare. Det har gitt oss full barnehagedekning, men har òg medført store driftskostnadar i klassen fleire millionar for kommunen. Problemet i dag er at ungar utan rett på plass i barnehage får dette. Dette er born vi ikkje får pengar for frå staten.

– Eg trur det er viktig at vi opprettheld dei kommunale plassane. Dette gir oss betre styring, også over økonomien. Når det er sagt så opplever eg at innhaldet i barnehagane og overgangen mellom barnehage og skule er veldig bra. Fokus på tidleg innsats er eit viktig område for Os Venstre, seier Rykkel.

Skule

Venstre har markert seg i valkampen som eit skuleparti.

– Det er det viktigaste enkeltområdet for oss. Vi vil følgja opp skulebruksplanen med å bygga ut Lunde barneskule, men ikkje minst finna ut kva og korleis Os-skulen skal vera. Ta til dømes Halhjem barnetun, skal det vera eit barnetun eller ein barneskule? Vi må òg sjå på skulegrensene og vera villige til å tenkje på ein ny måte. I dag er born som er busett i Kuvågenområdet spredd på tre skule – Lunde, Kuventræ og Os.

– Dei siste 16 åra har det dreid seg om bygg. Det er først den siste tida posisjonen har fokusert på innhaldet gjennom prosjekt betre læringsresultat. Intensjonen er god, men ikkje gjennomføringa.

– Tidleg innsats er bra, men kva er eigentleg den største utfordringa? Mitt svar er at det er tida til læraren. I dag må læraren nærmast både vera psykolog og spesialpedagog. Dei har for liten tid til å fokusera på undervisning.

– Vi vil gjera skulekvardagen betre for lærarane, slik at dei får tid til elevane. Då må vi bruke meir penger i skulen og styrka støtteressursane, som PPT, spesialpedagogiske ressursar og skulehelsetenesta med sosiallærar slik at læraren kan både dei svake og dei flinke elevane til å nå sitt potensiale.

– Sjølvsagt vil vi òg følgje opp prosjekt betre læringsresultat. Eg trur vi har noko å henta på ei enno betre erfaringsutveksling mellom skulane. Dei blir drivne forskjellig og dag, og dei skal få ha sin eigenart, men eg er trygg på at dei òg har mykje å læra av kvarandre.

Eldreomsorg

Kommunen har nyleg bestemt at Consto Bergen AS skal få oppdraget med å bygga ut dei 97 nye sjukeheimsplassane på Luranetunet.

– Det er mykje spennande som skjer. Eg vil gje honnør til dei som har styrt utbygginga på Lurane så langt. Eg gler meg til å vera ein del av den prossessan vidare, også når vi skal gjera jobben med å sjå på området rundt. Eg håpar vi klarar å gjera Luranetunet til eit kompetansesenter innan eldreomsorgen.

– Samstundes må vi vera offensive i høve til å då hjelpa folk med å bu lengst mogleg heime. Vi veit at det er det dei fleste ønskjer. Det er òg det billigaste for kommunen, men då er det viktig at kommunen har eit apparat som følgjer det opp. Det gjeld for alt frå dagleg pleie til å strø når det er glatt om vinteren. Der trur eg vi har eit stort potensiale i å bruka frivillige som ein ressurs.

– Det aller viktigaste er at vi har ei verdig eldreomsorg. Det skal vera trygt og godt å bli gamal i Os, konkluderar Rykkel som òg trur at ei styrking av dagsenter i Gamleheimshagen kan vera eit godt bidrag i den samanhengen.

Frivillige organisasjoner/lagsliv

Os har eit aktivt lags- og organisasjonsliv både innan idrett, kultur og på andre områder.

– Det frivillige lagslivet i bygda er grunnsteinen for mykje av det som gjerast på fritida i Os. Vi som politikarar skal vera takknemlege for den innsatsen alle dei frivillige legg ned kvar einaste dag, heile året.

– Vår oppgåve er å fasilitere dette på ein god måte. Det er ein liten kostnad for kommunen når ein ser kva ein får ut att på andre sida. Vi i Venstre kan ønskje oss ei sterkare samkøyring mellom skule og dei frivillige organisasjonen. Litt etter ein amerikansk modell kor vi nærmar oss ei heildagsskule kor idretten og kulturen blir eindel av skulekvardagen på ettermiddagen. Det ligg mykje god læring og meistringsopplevelse i det å driva idrett eller kulturaktivitet, noko elevane òg vil nyta godt av i høve skulen.

– Osmodellen som Os Fotball jobbar etter og har lansert er ein god modell. Dei ønskjer å bygga noko som er større enn den enkelte idretten. Dette vil vi vera med på og støtta opp om.

– Det er òg viktig at vi som kommune behandlar dei frivillige laga fair og etter ein felles modell. Om ikkje kan vi vera med på å skapa ei unødig spenning mellom laga. Vi har eit breitt tilbod i bygda, det skal vi dyrka. Om det skjer på Os, Halhjem eller Søfteland spelar ingen rolle. Gode idear skal støttast for å utvikla born og unge. Om alle gjer litt, så skal kommunen gjera sitt, lovar Rykkel.

Utbygging/areal

– Dette er nok det området kor det er det mest definerte politiske skille mellom opposisjonen og posisjonen. Det går utelukkande på planlegging, tempo og heilskap.

– Ta til dømes Bjånesutbygginga. Eg kan ikkje sjå kvifor vi skal stressa den igjennom før Endelausemarka. Vi kjøper oss berre ein masse problem. Infrastrukturen er ikkje på plass, verken når det gjeld veg eller skule.

– Vi må snu på det og i staden spørre oss sjølv “kor er det plass”?. Med det meiner eg vi må sjå på kor har vi kapasitet til i, eller til, å utvida skulen, kor kan vi vokse og kor er det fornuftig å vekse. Bjånes kan vera fornuftig om det kjem ein indre trasé om Fusa som blir kobla på i Endelausemarka igjen.

– Os kjem til å vakse og vi skal vekse, men vi må ha heilskaplege prosessar. Ikkje berre komma halsande på etterskot. Det er kanskje det viktigaste innan utbygging og areal. Vi må bestemme korleis Os skal sjå ut i framtida og styre etter det. Ikkje berre ta i mot utbyggarar utan å ha tenkt oss om kor det er fornuftig at utviklinga skjer. Ta tildømes då vi måtte hasteutbygge Kuventræ barneskule. Det burde vore mogleg å vita god tid at vi ville få mange elevar det året 2008-kullet skulle starte på skulen.

– Dei stadig dårlege vala gjer at vi endar med å bruke mykje meir penger enn det vi hadde trengt. Det blir rett og slett for mykje etter innfallsmetoden.

Arbeidsplassar/næringsliv

– Dette går hand i hand med utbygging. Ønskjer vi nye arbeidsplassar og ein ung arbeidsstyrke, så må vi legga tilrette for at dei kan ha råd til å etablera seg. Råd til å kjøpe sin første bustad og å etablera ein familie. Dei kan ikkje berre jobba, dei må ha ein plass å bu òg.

– Når det gjeld sjølve arbeidsplassane er må vi stille oss spørsmålet om kva kan vi som kommune bidra med? Eg meiner at det å vera med i Bussiness Region Bergen ikkje er nok. Der blir vi ein liten fisk i en stor dam.

– I staden vil vi etablera ei kommunal stilling som næringsvert, ein som kan hjelpa etablerarar med kontakta inn mot eigedomsbesittarar, skattemynde og andre offentlege organ og som kan hjelpa gründerar å finna aktuelle støtteordningar. I dag er det ordføraren som har freista å gjera denne jobben, og han har jo innrømma sjølv at det ikkje har vore godt nok. Eg trur det skyldast at han har sett Lyseparken som endepunktet og difor ikkje vore nok på hugget. Det har jo stått meir eller mindre stille sidan 2007.

– Eg meiner vi kan lova fleire arbeidsplassar i Os, om vi gjer det på rette måten. Vi må komma på offensiven, ikkje vera på etterskot som vi er i dag. Vi må dreia fokuset frå å berre tenkje stort til å satsa på alle dei små arbeidsplassane. Der trur eg Os Næringsforum kan spele ei viktig rolle.

– Det siste momentet eg trur er viktig er å halde eigedomsskatten vekke. Vi skapar ikkje nye arbeidsplassar om vi innførar eigedomsskatt. Då blir vi ikkje attraktive for dei som vil etablera seg, seier Rykkel.

Kommunen sin økonomi

Kommunen har ei lånegjeld på nær 1,5 milliarder kroner, men leverar overskot på drifta.

– Eg meiner lånegjelda kunne vore lågare med eit anna styre. Det har vore tatt dårlege val underveg. Det har mykje med korleis prosessane blir køyrde av dei som styrer i dag. Vi må vera mykje tightare på det vi gjer og bruke den tida vi treng for å ta gode val.

– Vi skal ikkje gløyma at det er andre sine pengar vi brukar. Ta tildømes OHARA-utbygginga som i siste sving blei flytta til Liafjellet med påfølgande høgre kostnader. Hadde ein gjort som Venstre og KRF forslo ville det har blitt betydeleg lågare kommunale avgifter. Det er noko som betyr mykje for innbyggarane. Vi må tenkje heilskapleg for alle innbyggarane, ikkje berre for dei som skrik høgst.

– Når det gjeld den høge gjelda, så finst det ingen quick-fiks. Den er høg og då må vi vera rasjonelle. Det betyr ikkje at vi skal slutta å bygge ut, men vi må ha gode og fornuftige prosessar og gjera det skikkeleg. Det er ingen som er tjent med at vi taper på at vi har dårleg tid. Vi må gjera det skikkeleg. Alt handlar om prioritering, planlegging og strategi.

Os om 15 år

Kor er Os om 15 år om Venstre får det som dei vil?

– Då er vi ein attraktiv bu og arbeidskommune innanfor det rike kultur- og idrettslivet vi allereie har. Vi har ein veg som går utanom Os, men med fornuftige påkoblingar.

– Lyseparken er eit senter for teknologi og næring basert på grøn teknologi. Den vil vera unik. Akkurat som Os er. Os er unik og det skal vi ta vare på og bygga på. Vi har fått til ei sunn utvikling med gode løysingar når det gjeld kollektivtrafikk, infrastruktur og skule. Vi har klart å behalde osingen og byggjer for generasjoner på pilarane bustad og arbeidsliv, skule og fritid og eldreomsorg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.