Møte i dag, 10. mars: Plan- og bygningsutvalet

Sjå saksliste og direktesending.

Dagens møte er ikkje på smittevernvenleg video, men med smittevernvenleg avstand i kommunestyresalen. (Skjermskot: Kommune-TV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. mars 2021 14:16

I dag er det møte i Bjørnafjorden plan-, bygg- og miljøutvalet, som det no heiter.

Dette er årets andre møte i utvalet, neste møte er 21. april.

Møtet blir gjennomført i kommunestyresalen og sendt direkte på kommune-TV.

Blant sakene på lista:

  • Abotnes - Behandling av klage
  • Førstegongbehandling av detaljregulering Røttinga-Hauge
  • Ei lang rekkje delegatsaker, nybygg, deling og riving
  • Massedeponi/tipp - Håvardsvegen
  • Detaljregulering av Vågshaugen sør

Sjå heile sakslista og tilhøyrande dokument her

Utvalsmedlemmane går direkte over i nytt møte, då dei òg utgjer trafikksikringsutvalet. Her er sakslista kortare, med kriterier for prioritering av fysiske tiltak i trafikksikringsplanen som einaste sak.

Sjå direktesendinga på kommune-TV eller i ruta under:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.