Lokal | 20. okt. 2011

Motell i Kolskogen

Kommunestyret vedtok onsdag planane om bygging av motell i Kolskogheiane.

Motell i Kolskogen
Andris Hamretorsdag 20. okt. 2011 10:14

Som dei to siste sakana dei behandla som avtroppande kommunestyret vedtok politikerane onsdag både nytt motell i Kolskogheiane og reguleringsplan for eit hyttefelt med 26 tomter og fire naust på Tussamyro på Skorpo.

Dei to planene blei vedtekne samrøystes utan særleg debatt.

- Det er ikkje verst at den siste saka vi handsamar er ei reguleringssak kor vi er så samrøystes, avslutta ordførar Terje Søviknes (Frp) kommunestyremøtet med eit smil.

Eit supplement til Solstrand og Bjørnefjorden

Weglo Design, Plan & Landskap AS som på vegne av tiltakshavar Kolskogheiane 18 AS med grunneigar Frode Søviknes har utarbeidd den private reguleringsplanen for området i Kolskogen skriv i si utgreiing til kommunen at dei ser på tiltaket som eit naturleg supplement til dei eksistrande konferansehotella i bygda.

- Hotell & Bevertning vil bli eit positivt tilskot til Os kommune og ligg sentral plassert i høve til ny motorveg på E39, skriv Vibeke Weglo på vegne av tiltakshavar.

Tilbod til reisande

Utbyggjinga er tenkt å gå føre seg i to trinn kor det første trinnet omfattar parkeringsgarasje med 41 plassar og hovudbygning med serveringsstad, møterom og gjesterom. I eit trinn to vil ein utvida kapasiteten slik at motellet totalt får opp mot 65 gjesterom fordelt på to fire-etasjars bygg.

- Tilbodet vil ivareta behovet for service som mat og losji for det trafikale nærområdet og Os kommune. I tillegg vil den nye verksemda kunne ivareta tungtrafikken sitt behov for parkering og tilbod om matservering, kvilerom, dusj etc. Kommunen ser på alternativ parkeringsområde like ved den nye verksemda.

- Statens vegvesen har sterke ønskjer om kvileplassar for trailere, skriv Weglo i reguleringsdokumenta.

Uroa for skulen

Einaste som tok ordet i saka var avtroppande kommunestyrerepresentant Norvald Skåtøy (Ap).

- Ap går for innstillinga frå administrasjonen, men vi må ikkje gløyme yrkesskulen (Os vgs) sine behov i det heile. Eg er litt uroa over at dei no byrjar å ha knappe areal for ei eventuell utviding, kommenterte Skåtøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.