Lokal | 15. apr. 2010

Møter bomkritikk

Søviknes kan venta kritikk i Frp-landsmøtet neste helg, men er førebudd på diskusjon om bompengar.

Møter bomkritikk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. apr. 2010 10:56

- Vi trur det å velja Terje Søviknes til sentralstyret vil vera eit dårleg signal å senda til veljarane. Vi ønskjer ei klar linje gjennom heile organisasjonen, også sentralstyret, om at vi står fast på det partiprogrammet som er vedtatt, sa leiar av Nordland Frp Kenneth Svendsen til Dagsavisen.no i går.

Valkomiteen i Fremskrittspartiet har innstilt Os-ordførar Terje Søviknes som medlem av sentralstyret. Landsmøtet, som startar fredag 23. april, inneheld val av sentralstyremedlemmar sundag 25. april.

- Fram mot møtet er våre haldningar til bompengar og eigedomsskatt, og kor absolutte vi skal vera, noko eg førebur meg på å diskutera, seier ordførar Terje Søviknes.

Ville ikkje venta
Også på gårsdagens møte om plassering av bomstasjon i Nordvik fekk Søviknes spørsmål om den 6 år gamle avgjerda.

- Det var med tungt hjarte, eg skulle gjerne sett at Staten tok heile rekninga. Men når vi veit at det ikkje blir bygd eitt prosjekt av litt storleik utan bompengefinansiering fann vi ut at det var på tide å koma vidare med dette prosjektet. Vi ville ikkje sitja å venta å nytt regime, svarde ordføraren.

Framleis imot
Stortingsrepresentant og samferdselspolitisk talsmann Bård Hoksrud seglar opp som en aktuell motkandidat til Søviknes. Sjølv seier han i intervjuet med Dagsavisen at for han er bompengar ei kjempeviktig, «i motsetnad til Søviknes».

- Eg er som andre i partiet framleis imot bompengefinasiering av veg. Men arbeidet vårt må gjerast på forhandlingsbordet fram til vi kjem i posisjon, seier Os-ordføraren til Midtsiden.no.

På møtet i Lysefjorden i går, som handla om plassering av bomstasjonar i Nordvik, tok Terje Haugom ordet. Haugom er
nyvalt leiar i Demokratene i Bergen, og brukte høvet til litt reklame for eige parti.

- Staten får årleg inn 6 milliardar kroner i bompengar og 60 milliardar frå andre utgifter relatert til bil. Berre drygt 20 milliardar kjem tilbake til vedlikehald og vegprosjekt, inkludert utgifter til ulykker, sa han.

- Det var eit kort og greit innlegg, tala er dei same som Frp bruker, seier Terje.

Gamalt nytt
Os si lokale avgjerd i 2004 er saman med Oslo Frp si sak om gigantprosjektet Oslopakke 3 diskutert i landsmøtet fleire gongar. I 2008 kom ein ny resolusjon der partiet si haldning til bompengar blei skjerpa inn, men dette fekk ikkje tilbakeverkande kraft.

- I 2009 blei nytt handlingprogram vedtatt. Dette omfatta sjølvsagt også bompengar, men opna for å vera positiv ved for eksempel prosjekt som avløyser ferjer.

Folkeavstemming
Om Frp lokalt skal vera positive til bompengar må dei positivt resultat av folkeavstemming i ryggen. Det kan også skapa utfordringar for lokallaga.

- På Askøy for eksempel, der Frp ikkje fekk fleirtal for å halda folkeavstemming om bompengar, fekk partiet eit dilemma. Skulle dei då stemma mot partia dei sit i posisjon med?

Seriør partnar
Noko av det Søviknes vil diskutera på landsmøtet er kor absolutte Frp skal vera i sine standpunkt.

- Vi kan ikkje koma til forhandlingsbordet med ei rekkje absoluttar, og venta at alle skal bli akseptert. Skal Frp vera ein seriøs partnar for spesielt Høgre og Krf meiner eg at vi må vera førebudd på å diskutera, og vera meir nyansert i prinsippa våre.

Søviknes kjem til å halda både eit meir generelt innlegg fredag 23. april og appell sundag før valet same dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.