– Motiverande VM
Tore Matre og Asle Kvamsdal fortel om høgt nivå og motiverande resultat i handbak-VM i Polen.

I førre veke og i helga var fire utøvarar frå Os Håndbakklubb med det norske landslaget i Gdynia i Polen.
Arne Thuen (grand master -90 kg), som tok bronse i førre VM i Brasil, og Øyvind Birkeland (master -90 kg) som tok gull og sølv i same VM, var først ute.
Thuen var skuffa då han per telefon fortalte at han rauk ut i tredje kampen. Også Birkeland blei stoppa tidleg.
Fredag og laurdag var Asle Kvamsdal og Tore Matre i kamp med venstre og høgre arm, Asle i -90 kg, Tore i -85 kg.
– Vi hamna cirka midt på resultatlista, ikkje fullt så bra som vi hadde håpa på, seier Tore Matre.
– Men nivået i seniorklassen er høgt, og når VM går i Polen kjem det ekstra mange med frå dei sterke nasjonane i Aust-Europa.
– Vi vann nokre kampar og fekk yta god motstand mot utøvarar som hamna eit godt stykke oppe på resultatlista, så det var motiverande, synest Matre.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.