Lokal | 22. sep. 2009

Motsegn til ny plan

Os kommune har sendt nytt framlegg til arealdelen i kommuneplanen, men motsengene frå Fylkesmannen står ved lag. SJÅ LISTE: Områda Fylkesmannen er kritisk til.

Motsegn til ny plan
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. sep. 2009 10:03

Arealdelen til kommuneplanen:
Første utkast til revidert plan låg ute til offentleg ettersyn våren 2008. Som følgje av innspela i høyringsrunden var planen justert så mykje at den må leggast ut på nytt.

Fylkesmannen uttalte seg til første framlegget til arealdel i brev av 05.06.2008 og hadde motsegn til vesentlege delar av planen. Planen blei lagt ut til offentleg ettersyn med frist for merknader sett til 08.09.09, og i brev 17. september kjem Fylkesmannen med denne uttalen:

Planframlegget vidareførar og forsterkar førre planutkast som i liten grad følgde opp nasjonale føringar for arealplanlegging. Fylkesmannen opprettheld difor motsegnspunkta med unntak av område for vasscooter.
I tillegg er det fremja motsegn mot nye byggeområde. Desse er i konflikt med nasjonal arealpolitikk i høve til strandsona, klimaomsyn, biologisk mangfald, friluftsliv,landskap og vassdrag. Det vert også fremja motsegn mot mangelfull ROS-analyse.

I si konkret vurdering skriv Fylkesmannen dette:
Planframlegget er ikkje lett å få oversyn over. Nye område har ikkje nummer i plankartet og konsekvensutgreiinga er også mangelfull i høve til å dekkje alle områda.
Hovudpreget til arealdelen er at det er lite heilskapleg struktur i framlegget og utbyggingsområda ligg spreidd i kommunen. I oversyn over bustadbygging og trong for nye bustader er ikkje planarbeidet med kommunedelplan for Bjåneshalvøya, der det vert lagt opp til bygging av opp mot 2000 nye bustader, rekna med. Etter fylkesmannen sin vurdering vert det difor planlagt for ein overdimensjonert bustadbygging i kommunen.

Sidan alle områda frå første gongs offentleg ettersyn er vidareført, oppretthaldar difor fylkesmannen motsegnene fremja i brev av 05.06.2008.

Midtsiden har ikkje lukkast i å få tak i kommunaldirektør Haldor Fosse i dag, då han tar del i Øving Hordaland.

Frå denne sida kan du lasta ned filer til arealplan som del av kommuneplan for Os.

I LISTA UNDER SER DU KVA OMRÅDE MOTSEGNA GJELD (og bakrunn i parantes):

Osøyro:
B1 - Mobergslia (øvre del) (landskap)
B5 - Nordmarka (øvre del) (landskap)
B6 - Borgen (øvre del) (landskap)
B9 - Klyva (klima)
B10 - Hatvik (klima)
N1 - Hatvik (strandsone)
N2 - Hatvik nord (strandsone)
I1 - Lundetræ (vassdrag)

Kuven:
B4 - Hetleflåten (klima)

Søfteland:
B1 - Gåssand (klima)
B3 - Gåsekilen (vassdrag)
O3 - Endelausmarka (barnehage) (vassdrag)

Søre Neset:
B7 - Halhjemsmarka (biologisk mangfald)
B10 - Særvoldsvika (klima)
N2 - Storholmen (strandsone)
N3 - Hauglandsjøen (strandsone)
N4 - Flatholmen (strandsone)
Område 43 - Bjørnen (LNF spreidd) (biologisk mangfald)
M2 - Hauglandsjø (sjøområda: friluftsinteresser, biologisk mangfald og inngrep i strandsona)
M4 - Halhjem (sjøområda: friluftsinteresser, biologisk mangfald og inngrep i strandsona)

Søre Øyane:
B5 - Røttingen (biologisk mangfald)
B7 - Torsneset (landskap, strandsone)
H1 - Geitarøy (strandsone)
N1 - Skitnevågen (strandsone)
N2 - Vestrevågen (strandsone)
N4 - Vestrevågen (strandsone)
N5 - Vestrevågen (strandsone)
N6 - Sundøytangen (strandsone)
N8 - Mørkevågen (strandsone)
N9 - Geitarøy (strandsone)
N11 - Lepsøy (strandsone)
N12 - Brimsholmen (strandsone)

Nore Neset:
B1 - Tuen (klima, landskap)
B2 - Særvold utmark (klima)
3
B3 - Skeisstøa (vassdrag)
B8 - Hovland (austre del) (landskap)
H1 - Austre Hølen (strandsone, biologisk mangfald)
N1 - Askvik (strandsone)
N2 - Særvold (strandsone)
N3 - Særvold (strandsone)
N4 - Særvold (strandsone)
M3 - Austre Hølen (sjøområda: friluftsinteresser, biologisk mangfald og inngrep i strandsona)
Område 50 - Storum sør (biologisk mangfald)

Nore Øyane:
B1 - Økland (klima)
B2 - Sørstrøno (klima)
H1 - Forstrønen (strandsone)
H4 - Brattholmen og Sauøya (strandsone)
H5 - Selvågklubben (strandsone)
N1 - Forstrøno (strandsone)
N2 - Stokkavika (strandsone)

Lysefjorden:
B2 - Drange (klima)
H1 - Skåtøy (strandsone)
M3 - Sperrevik (sjøområda: friluftsinteresser, biologisk mangfald og inngrep i strandsona)
Hegglandsdalen og Indregardane:
N1 - Skavhedlo (strandsone)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.