Familien Noel og Brandt var dei første som fekk ta bilde med Stavangerkameratene på Rema Kuven stasjon i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Møtte fansen på bursdagsfest

Rema Kuven stasjon sin 10-årsdag fylte butikken. Ute i regnet var Stavangerkameratene rause med fansen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Stavangerkameratene, som er tredje av fem band på scenen på Osfest i kveld, møter i skrivande stund fansen utanfor Rema 1000 Kuven stasjon.

– Vi har hatt ein veldig god dag så langt, med masse folk i butikken og mange fine helsingar, seier Ingunn Aadland Hope.

Les òg: Møter publikum før Osfest

Kjøpmannekteparet Ingunn og Trond seier fleire har vanskar med å forstå at det allereie har gått 10 år sidan dei overtok bygg og eigedom etter Lidl.

I butikken er det servering av kake og gode tilbod, og lansering av Os Fotball sitt brød frå Hagavik Hjemmebakeri. Meir om dette i eiga sak. Utanfor står PG Event og lager mat på eit lokomotiv av ein grill, mens Tesla har tre bilar ståande for demokøyring.

– No gler vi oss veldig til Stavangerkameratene kjem! Vi håper folk får ei god stund ute òg, sjølv om det regnar mykje.

Kjente igjen fans frå i fjor

Fremst i det som aldri blei nokon kø sto Nina Neteland Johannessen og venta. Ho hadde stått der ei god stund før Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland kom med maxitaxi frå Flesland.

– Eg var på konsert med dykk på Ole Bull i Bergen i fjor, fortalte Nina til ein svært imøtekomande og opplagt Kjartan Salvesen.

– Var det deg med nisselue? lurde Kjartan på, og det stemte.

Nina skal naturlegvis på konserten i kveld, som blir hennar fjerde med Stavangerkameratene, og har i tillegg plan om å sjå Stavangerkameratene i DNB Arena i Stavanger i november.

Første konsert på Ole Bull før jul i fjor blei utselt på nokre få minutt, og Stavangerkameratene måtte utvida til ein serie konsertar i Bergen.

– Det er nok det største vi har vore med på til no. Om osingane er like glade i musikk frå Stavanger som det dei er i Bergen, der det var så mykje allsong at publikum var dei einaste folk høyrde, så blir Osfest-konserten vår heilt fantastisk! sa Ole Alexander til Midtsiden på måndag.

Signerte kroken til Jan Rune

Med mykje folk i butikken, men meir magert ute i regnet, fekk Stavangerkameratene truleg ikkje selt så mange plater og tskjorter som dei elles kunne gjort, men det blei desto betre tid til å ta bilde og prata med fansen.

Ein av dei som fekk både bilde og autografar var Jan Rune Johannessen. Han manglar høgre arm frå olbogen og ned, men held på å læra seg å spela gitar, noko som såg ut til å fascinera Stavangerkameratene.

Fleire saker