Møtte «gretten» hoggorm i Ervikane
Familien Eidem gjekk rett på eit tidleg vårteikn i Ervikane søndag.

Laurdag varma sola litt og det var snev av vårstemning i Os. Søndag blei meir skya, likevel var det denne dagen Nils Petter Eidem med familie møtte hoggorm på stien i Ervikane.
– Kona la ikkje merke til han ein gong, og gjekk rett forbi. For meg var dette årets første, for ungane var det livets første møte med hoggorm.
Dei møtte ormen på hovudstien til Ervikane, mellom den første fjøra etter utedoen og den vesle sandstranda søraust i friluftsområdet.
Døtrene Mia (7) og Stine (5) fekk både sjå på ormen og testa om det fungerte å trampa i bakken for å få han til å fjerna seg.
– Det fungerte heilt fint. Det er tidleg på året og hoggormen verka sløv og gretten, men han bukta seg ut av stien, fortel Nils Petter.
Les òg:
• Skrekkeleg bra bilde
• Tråkka på hoggorm
• Hissig vårteikn
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.