Politi | 03. nov. 2022

Møtte haikar i 100-sona

Politiet rykte ut til Skogafjellstunnelen torsdag morgon.

Møtte haikar i 100-sona
Skogafjellstunnelen onsdag ettermiddag. (Foto: Nora Flatseth Trippestad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. nov. 2022 07:50

Klokka 06.03 i dag fekk politiet melding om observasjon av haikar i 100-sona på ny E39.

– Ein person sto og haika i Skogafjellstunnelen retning Bergen, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Då patruljen kom til staden var personen vekke.

– Vedkomande har truleg gått til Endelausmarka og kome seg på ein buss der.

– Trass ein farleg trafikksituasjon, gjekk det godt denne gong, seier Lyssand.

Ville ikkje vedta forelegg

Onsdag sto UP med laser på E39, på vekta på ytre Moberg.

Klokka 14.50 målte dei ein bilist til 78 km/t i 70-sona, noko som fører til forelegg på 2.300 kroner (ingen prikkar på førarkortet).

Vedkomande vedtok ikkje forelegget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.