Lokal | 31. juli 2012

Møtte kval på fjorden

VIDEO: Ein flokk med mellom 50 og 100 dyr koste seg i Bjørnefjorden måndag.

Andris Hamretirsdag 31. juli 2012 07:19

Ole Reinert Berg-Olsen skulle berre ut og fiske då han møtte ein stor flokk grindkval midtfjords.

- Eg møtte dei midt mellom Bjørnefjorden og Korsfjorden, fortel Ole Reinert.

I lengre tid kunne han følgje flokken på mellom 50 og 100 dyr medan dei sumde rundt og dukka opp og ned rundt båten.

Dette er grindkvalen

Grindkval eller langfinnet grindkval (Globicephala melas) tilhøyrer delfinfamilien (Delphinidae) og er soleis ein tannkval. Den blir 4-6 meter lang og veg opp mot 3 000 kg. Kvalen kan bli 40-50 år.

Grindkvalen er ein stor melonhoda delfinart som er svart eller mørkegrå i fargen med eit lysare område bak ryggfinna, som er sigdforma og sit ganske langt framme på ryggen (foran midten). Den fins i kalde farvatn både på den nordlege og sørlege halvkule. Hannane er betydeleg større enn hunnane, som typisk måler 4-4,7 meter.

I det nordlege Atlanterhavet er arten tallrik rundt Grønland og Island. Grindkvalen har sesongmessige vandringar som gjenspeiler kor favorittbytte, blekksprut, ferdast.

(kjelde: Wikipedia)

Video, 1.09: sjå kvalflokken leikar seg rundt båten til Ole Reinert Berg-Olsen (foto: Ole Reinert)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.