Sport | 17. juli 2018

Møtte Monsen på tur

Speidarar frå Os KFUK-KFUM blei intervjua av Lars Monsen direkte på NRK då dei slo følgje med eventyraren over Hardangervidda.

Møtte Monsen på tur
Klare for avmarsj på Dyranut (privat foto)
Andris Hamretirsdag 17. juli 2018 07:26

Bildeserie:

Lars Monsen sparkar i gang på Dyranut (privat foto)
Lars Monsen sparkar i gang på Dyranut (privat foto)
Matias, Andreas og Emma med den 400 mann store turfølget i bakgrunnen (privat foto)
Matias, Andreas og Emma med den 400 mann store turfølget i bakgrunnen (privat foto)
NRK sendte direkte på nett heile dagen og oppsummering på kvelden på NRK 1 (skjermskot frå NRK)
NRK sendte direkte på nett heile dagen og oppsummering på kvelden på NRK 1 (skjermskot frå NRK)
Siste innspurt for målet på Tuva (privat foto)
Siste innspurt for målet på Tuva (privat foto)
Emma sikra seg ein sjølvi med Lars Monsen (privat foto)
Emma sikra seg ein sjølvi med Lars Monsen (privat foto)
Det skal ein del mannskap til for å produsere TV. Her på Tuva (privat foto)
Det skal ein del mannskap til for å produsere TV. Her på Tuva (privat foto)
Dei fire speidarane hadde ein fin tur (privat foto)
Dei fire speidarane hadde ein fin tur (privat foto)
I eit fantastisk vêr heile vegen (privat foto)
I eit fantastisk vêr heile vegen (privat foto)
1 av 8

Torsdag i førre veke gjekk startskotet for den 52 kilometer lange turen med Lars Monsen over Hardangervidda.

Turen er eit samarbeid mellom Monsen, NRK og Den Norsk Turistforening (DNT) i samband med DNT sitt 150 års jubileum. Heile turen kunne ein følgja minutt for minutt på NRK.

Skal på verdsleir

Alle som hadde lyst blei invitert til å bli med å gå turen saman med Monsen, men med dei klare forutsetningane at ein må klara seg sjølv med mat, utstyr og på anna vis.

Ei gruppe på fire ungdomar frå gruppa «1. Os KFUK-KFU» blei med på turen for å samla inn pengar for å kunna delta på verdsspeidarleiren i 2019. Sponsorar betalte ein sum for kvar kilometer dei fire ungdomane gjekk.

Gjekk uten vaksne

Første etappe for Emma Elisa Orrebakken, Andreas Brattebø, Matias og Nikolai Døsen Pontoppidan gjekk frå Dyranut til Stigstuv.

I sekkane hadde dei alt dei trenkte av mat og utstyr for den fire dagar lange turen.

– Vi trur det blir slitsamt, men ein tur med masse gode opplevingar og minner for livet, sa Andreas før dei satte avgarde frå Duranut.

Dei fire er ikkje ukjente med å vera på tur utan vaksne, men det blei ei ny oppleving å skulle gå fire dagar i høgfjellet og klara seg helt sjølv.

Blei intervjua av Monsen

Andre etappe gjekk til Rauhelleren, før turen gjekk vidare til Heinseter og Tuva. Undervegs sendte NRK direkte både på dagtid og i Sommaråpent på kvelden. Og dei fire blei lagt merke til av Monsen som ein av dagane kom bort for å ta ein prat med ungdommane.

– Eg har sett dykk fleire av dagane, innleia Monsen.

– Ja, vi har vore med frå starten, svara dei fire før dei innrømma at det hadde vore ein fantastisk fin, men tung tur.

– Beina blir litt stive etterkvart, kommenterte Andreas.

– Ja, det er rart det der, smilte Monsen før han spurte meir om kven dei var, kva det inneber å vera speidar og kva ein må gjera for å bli det.

Monsen held fram med å gå turar rundt i Noreg. Onsdag er det Jotunheimen som skal få vitjing av turfølget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.