Møtte nye triksetalent
... og så demonstrerte Sondre eit ekstra luftig triks. Sjå video av triksinga og bildeserie frå Bendit Cup.
Bildeserie:
Laurdag morgon starta årets Bendit Cup på Kuventræ.
Nesten 1500 unge fotballspelarar på rekordmange 142 påmeldte lag er i helga i sving på dei to banane som er ledige mens grasbanen får nytt dekke.
Mellom kampane er det lagt opp til kos, måltid og aktivitetar - nye i år er både hinderløype (i ballbingen) og triksehjørnet, der du både kan delta i konkurranse og sjå show med Sondre Ødegård Aksnes.
Jonatan imponerte
Mens triksekonkurransen er for dei opp til 10 år sto Jonatan Brekke, som fyller 13 år seinare i år, og leika seg i triksehjørnet.
– Oj, du var flink! Det der visste eg ikkje at du kan, sa Sondre, som kom for å halda show.
Jonatan går i klasse med Sondre sin veslebror, Trym. Men verken Sondre eller faren, fotballtrenaren Hadje, hadde sett Jonatan sine «skills» før.
– Eg øver heime, fortel Jonatan. – Eg lærer av videoar eg finn på nett, blant anna dei Sondre legg ut på instagram, avslører han, før dei to triksa litt i lag.
Så la Sondre på med eit triks som truleg bør øvast inn på ei trampoline, ikkje i ein garasje (sjå videoen over).
Sondre held også to show på Kuventræ søndag.
Bendit Cup held fram med nye kampar frå 9 til 18 søndag, i ikkje fullt så fint vêr som laurdag.
Vil du sjå meir freestylefotball? Her er video frå Sondre sin triksecamp i Os i desember i fjor.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.