Sport | 28. des. 2018

Mujcic tilbake til Lysekloster

– Han var den beste spelaren vår hausten 2017, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

Mujcic tilbake til Lysekloster
Mirza Mujcic, her i 2017, er tilbake i Lysefjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. des. 2018 15:11

Svensk-bosniske Mirza Mujcic (24) fekk 10 kampar for Lysekloster i 2017-sesongen. Lysekloster sitt opprykk rauk på målstreken, og Mujcic signerte med Brattvåg, som klatra til 2. divisjon.

I 2018 fekk han 15 kampar i Post Nord-ligaen på den svenske midtstopparen.

– Vi er veldig glade for at han vil tilbake til oss! Han er ein god spelar og ein skikkeleg leiartype, ein fin fyr som vi òg vil engasjera i akademiet vårt, seier Svein Kollen.

Mujcic spelte for Notodden før han kom til Lysekloster. Han har erfaring frå både aldersbestemt landslag, islandsk toppnivå og som kaptein på Gais i Allsvenskan (øvste nivå i Sverige).

Ny keeper

Kollen fortel at signeringa med eksisterande og nye spelarar er godt i gang.

– Per i dag har vi 12 signerte.

Blant dei som har fornya er Thorvald Trætteberg og Even Vetås. Vladan Radojkic har gått til Nest-Sotra, Kristoffer Gunnarshaug ser ut til å vera på veg til FK Haugesund.

Av nye signeringar er den polske keeperen Maciej Raniowski (22).

– Han var blant dei beste keeperane i 3. divisjon i fjor, fortel sportsleg leiar i Lysekloster.

Raniowski har tidlegare spelt for: Odra Opole, Verdal IL, KS Rozwój Katowice og Lechia Gdańsk SA.

Han er no gått frå Brodd til Lysekloster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.