Multi-handverkar festa grep på heimebane

Tore Njøten er utdanna tømrar og gullsmed. No reiser han landet rundt og monterer klatreveggar.

Tore Njøten jobbar over heile landet. Her innom Os etter oppdrag i Fusa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. nov. 2018 09:57

Bildeserie:

Montering av speedwall i Sogndal med Allan Wulff. (Privat foto)
Klatreveggen i Fusa under bygging. (Foto: Tore Njøten)
– Eg er einaste i firma som ikkje klatrar, men litt må eg kunna. (Privat foto)
Vernekloggar er favorittskoa, også i veggen ... (Foto: Tore Njøten)
Tore har òg vore med og montert utandørsveggen på BOB i Bergen. (Foto: Tore Njøten)
Reising er optimalt når du òg har foto som hobby. (Foto: Tore Njøten)
Tore tar bilde av dyr og natur langs vegen. (Foto: Tore Njøten)
Montering av speedwall i Sogndal med Allan Wulff. (Privat foto)
Klatreveggen i Fusa under bygging. (Foto: Tore Njøten)
1 av 7
Klatreveggen i Fusa under bygging. (Foto: Tore Njøten)
– Eg er einaste i firma som ikkje klatrar, men litt må eg kunna. (Privat foto)
Vernekloggar er favorittskoa, også i veggen ... (Foto: Tore Njøten)
Tore har òg vore med og montert utandørsveggen på BOB i Bergen. (Foto: Tore Njøten)
Reising er optimalt når du òg har foto som hobby. (Foto: Tore Njøten)
Tore tar bilde av dyr og natur langs vegen. (Foto: Tore Njøten)
Montering av speedwall i Sogndal med Allan Wulff. (Privat foto)

– Det var det raraste jobbintervjuet eg har vore i. Eit av spørsmåla var om eg var flink til å slåst, fortel Tore og ler.

Han svarte nei, men fekk jobben. Selskapet han jobbar for har oppdrag over heile landet, også på små plassar, og det hendte visst at lokalbefolkinga ville måla krefter når dei komande kollegaene hans var på pub i bygda.

Dei siste vekene har osingen vore i Fusa for å montera det han kallar ein av dei beste klatreveggane i regionen.

Kursendring etter krise, konkurs og førarkortbeslag

På 80-talet var Njøten ferdig utdanna tømrar. Men jappetida endte som kjent i bustadkrakk og nedgangstid, og etter ein periode som vaktmeisterassistent blei Tore lærling hos Gullsmed Eide.

– Der trivst eg godt, men etter ein del år sakna eg det å vera utandørs.

Frå 2007 jobba han som tømrar, i eit firma som gjekk konkurs, i 2012 byrja han som anleggsgartnar.

– Dessverre var eg uheldig her òg. Eg skulle fletta med politi på MC, men han meinte eg ikkje var varsam nok. Eg mista førarkortet, og dermed også jobben.

Stor og størst

Etter det vellykka jobbintervjuet i 2013 har Tore reist landet rundt og montert klatreveggar for Tjelmeland Friksjon AS. Sidan har selskapet dobla omsetnaden, frå 5,2 i 2013 til 10,7 millionar kroner i 2017.

– Vi er fire fast tilsette, og ein del innleigde. Alle er klatrarar utanom meg, fleire av dei i noregstoppen, og mange av desse ønskjer å jobba deltid. Dei reiser mykje rundtom i verda for å klatra. Livet deira handlar om andre ting enn jobb.

– Men jobben tar dei seriøst. Vi har monter klatreveggar inne og ute over heile landet, frå Oslo til Andøya.

Dei har òg bygd Oslo Klatresenter, som er Noregs største, og skal bygga klatrehallen i Åsane Idrettspark (BT.no om byggestart), som blir endå større.

Éi utdanning kan opna dører til fleire fag

Etter å ha gått via tømrarfag, fagbrev som gullsmed, tilbake til tømrarfaget og no, som klatrande montør, ser Tore mange fellestrekk.

– Det er i grunnen lett å gå frå det eine faget til det andre. Faga og emnene er ikkje så ulike, berre materialane og verktøya, og dei lærer du fort. Handlaget har du med deg som basis.

Han er glad for at det ser ut som om det er veksande interesse for å ta handverkarutdanning.

– Det kan opna seg mange moglegheiter om du først kan eitt fag. Eg elskar arbeidslivet mitt, og har berre hatt gode opplevingar i alle jobbane eg har hatt. Å vera handyman har dessutan blitt ei ettertrakta vare.

– Fusa blir blant dei beste!

Etter fem år på reise har Njøten no vore med på å bygga klatrevegg i fleirbrukshallen som Fusa kommune skal opna i januar 2019.

– Det er godt å vera på heimebane, og det er ein veldig bra klatrevegg dei får i Fusa, kanskje den beste i bergensområdet, meiner montøren.

– Du har tidlegare vore engasjert i Hegglandsdale il og vore veldig gira på ulike hobbyar. Då du gjekk frå jakt til kajakk sette du garn og skaut rev frå kajakken. Er du like gira på klatring?

– Nei, men eg har lørt meg litt. Vi driv òg med vedlikehald, så det blir nokre turar opp i veggen.

• Les òg: Harmlaus jakt i jula (2010)

– Elles held eg fotointeressa og padlinga ved like. Spesielt fotografering, og eg elskar både å køyra bil (han har fått sertifikatet igjen no) og å reisa rundt i Noreg. Det blir nokre stopp på vegen, så eg får tatt bilde av nokre av dei fine plassane vi ser.

Slåsting har han ikkje lært seg. Eller fått behov for å kunna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.