Kultur | 17. mars 2014

Musikk som døropnar

– Musikk er eit minnespor, hevdar Solgunn E. Knardal om bruk av musikk som døropnar til eldre med demens.

Musikk som døropnar
Måndag 24. kjem Solgun E. Knardal til seniortreffet på Oseana (foto: Privat/Andris Hamre)
Andris Hamremandag 17. mars 2014 12:34

Måndag 24. mars inviterar igjen Oseana og senioruniversitetet til treff. Første gong, med Bettina Husebø som foredragshaldar, blei billettane riven vekk. Over 300 tilhøyrarar fekk mellomanna med seg rådet om å ta mindre medisinar.

Denne gongen er der musikkterapaut ved NKS Olaviken Alderspsykiatriske sjukeheim, Solgunn E. Knardal som foredreg over temaet «Musikk som inspirasjon, sjølvhjelp og førebygging».

– Ho har jobba som musikkterapeut på ulike nivå i eldreomsorga i ei årrekkje, og vil nytta kunnskap frå dette arbeidet som base for sitt innlegg.

– Det er framleis billettar igjen, så det er berre å gå inn på billettservice, seier sals- og markedsansvarleg ved Oseana, Astrid Heggland.

«Den klina vi til»

For pasientar som har demens og andre pasientar som har mista språket og også har mista mykje minne, kan musikk fungere som ein døropnar.

– I eit intervju med avisa Møre-Nytt beskriv Solgunn dette, fortel Heggland.

«Musikk er eit minnespor. Eg hugsar ein gong eg var i ein samtale med eit ektepar der ho hadde utvikla demens, og mannen var fortvila for ikkje lenger å vere hennar viktigaste etter femti års kjærleik. Eg spurte mannen om han hadde eit songminne. Eg fekk tonen til ein gammal melodi, og spelte han på gitaren. Då lyste dama opp, snudde seg mot mannen, og sa: «Denne klina vi til»».

Spelar på kjørler og lokk

Seniortreffet, er som sist, lagt opp til ein del med foredrag og ein del underhaldning.

– Til å underhelda kjem BIT20-Percussion.

– Du kjem aldri til å sjå på steikepanna di på same måte som etter dette.

– Det er nemleg kjøkkenreiskapen som får gjennomgå på denne konserten, seier Heggland.

BIT20 Ensemble framfører et bredt spekter av samtidsmusikk på mange arenaer, og er tradisjonsberarar innan kunstmusikken frå de siste tiåra i tillegg til å skape helt ny musikk og nye prosjekt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.