Philip «Admiral P» Boardman tar sikte på Os om knappe tre veker. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

– Musikken er ikkje min lenger, den er alle sin

Philip Boardman, kjent som «Admiral P», ser fram til å spreia energi under Osfest.

image
image
Av: Christina Bruarøy

I januar blei det kjent at kongen av norsk reggae, Philip «Admiral P» Boardman, er aktuell for årets Osfest. Admiral P skal på scenen i 21-tida laurdag 10. august, etter Heine Totland, før Violet Road.

Tidlegare i sommar har admiralen spelt i blant anna Brumunddal, Kabelvåg og Træna, nokre av stadane saman med sønene sine på 15 og 17 år.

– Dei har vore med meg på scenen sidan dei var bittesmå, begge er veldig glade i musikk. Dessverre får dei ikkje sjanse til å bli med til Os, fortel Boardman til Midtsiden.

Det er ikkje tett med reggaemusikarar i Noreg, men Philip kjem ikkje åleine til Os. Bandet han har jobba saman med i nærmare seks år, The Global Citizen Band, består av ni musikarar. Det har tatt fleire år å setja saman bandet, og alle dei ni medlemmane kjem frå ulike nasjonar. Som bandnamnet tilseier.

– Eg føler meg privilegert som har med meg eit så godt band, og to så flinke kordamer, Kenya Emil og Ina Makeda. Ina har vore med på fleire TV-program og gjort ting åleine som artist. Khalid Younis speler gitar i tillegg til å ha ei veldig god stemme.

Til Osfest med noko nytt?

Admiral P fekk «Snakke litt» nominert til årets hit på Spellemannprisen 2011 og «Kallenavn» i 2013. I 2014 vann han Spellemannprisen i klassen årets hit for låten «Engel», som han syng saman med Nico D.

Sjølv om sommaren byr på mykje reising, får ikkje studioet støva heilt ned. Seinast dagen før vi møtte Boardman for intervju var han i studio med OnklP.

– Det er nye låtar på veg, eg har berre ikkje bestemt meg for datoen dei skal sleppast. Kanskje vil Os få høyra ein smakebit, seier Philip med glimt i auget.

– Kva musikk høyrer du på sjølv?

– Det er vanskeleg å velja ein favoritt, men Chronix er ein ung kar som gjer det veldig bra. Eg høyrer òg mykje på musikken til ei jente som heiter Coffie. Ho skal forresten spela på Øya-festivalen.

Ekte og eksotisk

Philip sin far var ein norsk arkitekt, men Philip blei fødd i Zambia, har zambisk mor og flytta ikkje til Noreg før faren blei sjuk. Han  sjølv var 13 år gamal. Då kunne han minimalt med norsk, morsmålet er bantuspråket nyanja.

– Som den norske reggae-kongen, har du vore i nokre av landa der reggae-sjangeren er tydelegare representert, som Jamaica eller Cuba?

– Ja, eg har vore på Jamaica fleire gongar. Dette gav god inspirasjon til sjangeren som står meg nærmast.

Ikkje berre produserer han reggae på norsk, som han er mest kjent for, han speler i tillegg med Jah Ark Manifest, eit «soundsystem» som har spreidd reggae i Noreg sidan 1999.

«Admiralen» har fleire grupper med musikarar som han får utvikla musikk med, og syng ikkje berre på norsk. Som Admiral P ser han ikkje heilt vekk frå at det vil koma låtar på engelsk i framtida, men slår fast at dei norske låtane hans har «blitt» han.

I fjor fekk han framført nokre av hans norske songar til eit publikum i Zambia.

– Vi hadde en release-fest for Zedway-albumet vi sleppte i mars i fjor. Då song eg eit par norske låtar, og dei syntest det var fett. Dei forstår ikkje kva som blir sunge, men seier dei skjønner musikken, liksom. Prøver gjerne å syngje med òg, prøver å «snakke litt med meg».

Zedway-albumet vart produsert av både norske og zambiske produsentar. Ras Kinky, ein komande zambisk artist, var med på albumet, og har no lært seg alle songane til Admiral P. Han har vore på besøk hos Philip i sommar og vore med han på delar av årets program.

– Han har til og med fått sett Lofoten, seier Philip og smiler. 

– Musikken er blitt så mykje større enn meg sjølv

Philip får eit enda sterkare band til tekstane sine gjennom lyttarane. Han har fått fleire førespurnadar om å spele i både bryllaup, gravferd og for menneske som ligg på sitt siste. 

– I går tok eg taxi. Sjåføren fortalde at han arbeidde på sjukehus, og at ein som var innlagt blei forelska i sjukepleiaren. Han blei inspirert av songen «Snakke Litt» og no er dei gift, seier Philip.

Han ser ut til å vera forbausa. Og litt rørt.

Philip gler seg til å syngja for publikummet på Os.

– Eg har ikkje vore i området sidan Tysnesfest 2014. Eg elskar å spreia energi og håper publikum vil kose seg og kanskje gi litt energi tilbake.

Fleire saker